Hopp til innhold

Vald til internasjonal leiar for KrFU

Tore Storehaug (22) frå Flokenes i Askvoll kommune er vald til ny nestleiar i Kristeleg folkepartis ungdom.

Tore Storehaug på landsmøte i KrfU

NY NESTLEIAR: Tore Storehaug (i midten) er den nye nestleiaren, samt internasjonale leiaren, i KrFU.

Foto: Pressefoto

Valet vart gjort under landsmøtet til partiet i helga. Storehaug har tidlegare vore fylkesleiar i Sogn og Fjordane KrFU. Han har også vore sentralstyremedlem, jobba som valkampsekretær og vore ansvarleg for det nordiske samarbeidet.

– Det er ei spennande tid for oss som er aktive i KrFU. Eit KrF på vippen betyr at politikken vi føreslår kan bli realitetar. Dette gjer arbeidet inspirerande, seier Storehaug.

Spent på arbeidet vidare

Som nestleiar vil han også ha ansvaret for det internasjonale arbeidet, mellom anna demokratiprosjekt i Kenya og Kviterussland.

Dette er noko han også har gjort det siste året.

– Det er veldig stort for meg å få leie arbeidet KrFU har internasjonalt. Kristendemokratiet let seg ikkje blinde av landegrensene, difor står vi alltid først i kampen for verdas fattigaste. Ikkje minst er det spennande å få ta del i den politiske debatten i eit Europa i endring, seier han.

– Talentfull og viktig

Leiar i KrFU, Emil André Erstad, er glad for å ha med seg Storevik vidare i arbeidet.

– Han er ein viktig del av KrFU. Storehaug er både talentfull og ein viktig ung kristendemokrat.