Mange operaentusiastar sikra seg billettar allereie i sommar for å vere sikre på å få høyre Toralv Maurstad i den mannlege hovudrolla. Kari Standal Pavelich trur at folk også kjem fordi Opera Nordfjord har lang erfaring med å setje opp gode framsyningar.
Strålande fornøgd
Operasjef Kari Standal Pavelich er strålande fornøgd og trur dei kunne selt mellom to og tre fulle hus til.
Adele Eikenes frå Gloppen og Toralv Maurstad hadde hovudrollene i "Den glade enke".