Dei fire første månadene i år blei det seld over 2100 miljøkort til bussane mellom Nordhordland og Bergen.
Kortet gir 40% rabatt på bussreiser, og blei innført etter at bompengane forsvann på Nordhordlandsbrua.
Miljøkortet har også motverka at talet på bussreisande over Norhordlandsbrua har gått ned.
Vil vidareføra Miljøkortet
Eit skred av privatbilar mot Bergen var det mange som frykta då bompengeinnkrevjinga på Nordhordlandsbrua tok slutt ved årskiftet.
Heilt nye tal frå HSD viser at meir enn 2100 miljøkort er selde så langt. Det betyr ein nær 19% auke i salet av miljø- og periodekort, og at talet på reisande med kort har gått opp med 4,2%.
- Det er ei stadfesting på at kortet er ein suksess, og at det var eit rett og godt tiltak som absolutt må vidareførast, seier direktør Frank Aadland i HSD Buss.
Bilbruken har også gått opp
Men han må også innsjå at bilbruken blant strilane har gått opp.
Dei fire første månadene i år auka trafikken på nordre innfartsåre med 7%, viser tal frå Bru- og tunnelselskapet.
Likevel har talet på bussreisande over Nordhordlandsbrua faktisk hatt ein liten auke.
- Det er ei heilt anna utvikling me ser her enn det som er normalt når bruer er nedbetalte. Det er overraskande og positivt, meiner Aadland.
Politikarbom
Då samferdslepolitikarane i førre veke gjekk inn for å fjerna Miljøkortet, blei det hevda at berre 100 hadde nytta tilbodet.
Det viser seg å vera ein bom på over 2000. HSD håpar no at politikarane snur når fylkesutvalet avgjer saka måndag.