Hopp til innhold

Regjeringspartia knyter band lokalt

– Det var veldig stor semje om kva vi bør arbeide vidare med, seier fylkesleiar Arve Mjømen (H) etter at regjeringspartia lokalt knytte sterkare band i helga.

Fylkeslaga til Frp og H styrkar samarbeidet lokalt.

SAMLA: Fylkeslaga til Frp og Høgre møttest i helga på Skei Hotell for å knyte sterkare band.

Foto: Ingvar Torsvik Myrvollen / Høgre

Fylkeslaga til Høgre og Frp hadde i helga fellessamling på Skei i Jølster. Målet var å bli betre kjende og å meisle ut saker/saksfelt dei vil framheve overfor kollegaene som sit med makta i Oslo.

Statssekretær Eirik Lae Solberg (H) frå Næringsdepartementet orienterte om statsbudsjettet og gav råd om korleis dei bør fremje sakene oppover i systemet.

– Deltakarane fekk fritt spelerom og diskuterte både stort og smått. Likevel var gruppene samde i at både vegsaker og større kommunar er viktige lokale saker, seier Mjømen.

Viktig veg langs kysten

Spesielt Kystvegen vart framheva blant dei 27 deltakarane frå dei to partia. Lokalt betyr det både Dalsfjordsambandet og «45-minuttsregionen» Flora–Bremanger–Vågsøy og Førde.

Regionen vil knyte kring 50.000 menneske tettare saman.

– Kystvegen var sterkt inne i biletet og trekt fram som viktig for å styrke næringslivet i regionen, og regionen som ein felles bu- og arbeidsmarknad, seier Mjømen.

Vil ha KrF med på laget

I tillegg til gruppemøte på tvers av partigrensene, drøfta deltakarane rikspolitiske saker.

Mellom anna den rikspolitiske samarbeidsavtalen der Venstre og KrF blir invitert med i regjeringa.

– Dette støtter ein heilhjarta opp om–og ser gjerne at også KrF i fylkespolitikken tek del i det ikkje-sosialistiske samarbeidet–med tanke på å kunne utfordre dei sitjande raudgrøne styringspartia–fram mot og–ved kommande fylkestingsval i 2015, skriv partia i ei felles pressemelding.