Hopp til innhold

Styreavgjerd om Vik Ørsta

Styret i Vik Ørsta skal i dag avgjere om vel 20 av dei 90 arbeidsplassane ved Vik verk vert kutta i løpet av neste år.

Verksemda som produserer vegsikringsprodukt merkar auka konkurranse frå utlandet, og vurderer ulike tiltak for å sikre framtida.

Eit av tiltaka er oppseiingar. Noko både politikarar i Vik og tillitsvald ved verkert er svært kritiske til.

Dei viser til at avdelinga i Vik gjennom fleire år har vist svært gode resultat.