Hopp til innhold

Studentar vil ha høgare krav

Statusen til føreskulelæraryrket må opp for å sikra nok at det blir utdanna mange nok førskulelærarar. Studentar føreslår høgare krav.

Førskolelærer

Det vil bli behov for mange fleire førskulelærarar i åra framover.

Foto: Illustrasjon/Lasse N¿rbaek / Colourbox.com

Forslaget til ny barnehagelov tilrår at halvparten av alle som jobbar i barnehagane må ha førskulelærarutdanning i 2020.

I dag er det ikkje nok søkarar til utdanninga til å dekka behovet framover. For at det skal bli utdanna nok folk må statusen til yrket opp, meiner førskulelærarstudent Marit Lofthus.

Marit Lofthus

Marit Lofthus går på førskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Bergen. Ho og studievennene er opptatt av statusen til førskulelæraryrket.

Foto: Privat

– I dag ser mange på utdanninga som ein enkel veg. Kvifor ikkje bli førskulelærar, tenker dei, seier Lofthus.

Høgare krav og lønn

Temaet er noko som opptar Lofthus og studievennene hennar ved Høgskulen i Bergen. For at yrket skal bli tatt meir seriøst og tiltrekka seg fleire søkarar trur dei strengare krav vil hjelpa.

– Høgare krav til å komma inn kan bidra til at folk vil satsa meir, seier Marit Lofthus.

At yrket blir betre betalt trur dei også kan bidra til å heva nivået på studentane.

– I forhold til andre er det ikkje akkurat ei god lønn me får når me kjem ut i jobb.

Får støtte frå høgskulen

Dag Orseth er leiar for førskuleutdanninga ved Høgskulen i Bergen. Han meiner den store barnehageutbygginga dei siste åra har ført til fokus på kvantitet, og at det har gått ut over kvaliteten. Orseth deler studentane sitt syn om at statusen til yrket må hevast.

– Barnehagar sin rang i samfunnet er viktig i denne samanhengen. Utdanna og godt kvalifisert bemanning i barnehagar vil bidra til at kvalitet blir vektlagt, og det vil vera attraktivt for ungdom, seier Dag Orseth.

Overføra suksessen frå lærarutdanninga

Forsknings- og høyere utdanningsminister Tora Aasland.

Utdanningsminister Tora Aasland.

Foto: Holm,Morten / SCANPIX

I lærarutdanninga blei det for nokre år sidan innført karakterkrav i norsk og mattematikk. Dei siste åra har myndigheitene også satsa på ei lærarrekrutteringskampanje, og i same periode har rekrutteringa til læraryrket auka med rundt 50 prosent.

Utdanningsminister Tora Aasland har uttalt at ho håpar suksessen kan overførast til førskulelærarane . Det myndigheitene kan gjera er ifølgje Aasland å betra utdanninga slik at gruppa står betra rusta til å kreva høgare lønn.