Hopp til innhold

Studentar endeleg i hus

Omlag to månader etter studiestart har alle studentane ved Høgskulen i Sogn og Fjordane fått seg husvære. Det melder Sogn Avis.

Ved oppstart i august stod titals studentar stod utan skikkeleg husvære og vart plassert på sovesalar.

- Det er ikkje haldbart å tilby sovesalar som bustader, seier rektor Åse Løkeland, som lovar betring neste år.

Ho meiner omdømet til Høgskulen kan bli råka av situasjonen.

Mellom 10 og 20 studendtar har reist frå Sogndal, mellom anna på grunn av mangel på husvære.