Hopp til innhold

Streik kan seinke skattepengane

Innbyggjarane i Førde kan måtte sjå langt etter skattepengane sine dersom det blir streik i offentleg sektor frå midnatt.

Administrasjonen til Førde kommune

23 tilsette i Førde kommune kan frå midnatt av bli tekne ut i streik.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Meklingsfristen går ut ved midnatt og nær 30 000 tilsette står klare til å gå ut i streik. I Sogn og Fjordane gjeld det 23 tilsette i Førde kommune.

- Dersom vi blir lenge ute i streik så kan det vere at folk får skattepengane sine seinare, seier streikeleiar Marit Solheim.

Kompetanse skal løne seg

Ved kommunen vil administrasjonen, servicetorget, rekneskap og skatt bli råka av ein eventuell streik.

- Det vil merkast både i eigen organisasjon og ute blant innbyggjarane, seier Solheim.

Tilsette i offentleg sektor streikar for likeløn og for at kompetanse skal løne seg på alle nivå.

- For oss er det viktig at fagarbeidarar med tilleggsutdanning må få meir tillegg i dette oppgjeret her, seier Solheim.