Hopp til innhold

Straumkundar fekk att 15 mill.

Straumkundar i Sogn og Fjordane har fått tilbakebetalt til saman over 15 millionar kroner etter uvêret Dagmar.

Kraftleiding som har blåst ned i Stryn
Foto: Arne Vik

Fleire tusen abonnentar har kravd kompensasjon etter at dei vart straumlause som følgje av herjingane til uvêret Dagmar. Sogn og Fjordane Energi, SFE, betalar åleine ut over 11 millionar kroner.

Er straumen borte i meir enn 12 timar, kan du krevje kompensajson. Då Dagmar trefte Vestlandet 2. juledag, vart mange utan straum - ikkje minst galdt det SFE sine kundar, fortel nettsjef Asgeir Aase.

Ikkje for seint å søkje

– Det har kome inn rundt 6700 krav frå våre eigne kundar, av desse er om lag 6000 rettkomne krav som har fått medhald i første fase. Men det er ikkje alle som har rett på tilbakebetaling som har søkt. Og det er enno ikkje for seint å søkje om tilbakebetaling.

Han seier erstatninga etter Dagmar står utan sidestykke.

– Vi har ikkje hatt nokon hendingar som har likna på dette i det heile.

Dei fleste krava er innfridde

Dei tre største kraftselskapa i Sogn og Fjordane har så langt punga ut over 15 millionar kroner etter orkanen. Hos Sognekraft får NRK opplyst at om lag 2000 straumkundar sende inn krav. 1800 har fått medhald. Det kostar kraftselskapet drygt 2,5 millionar kroner.

Vel 1900 av kundane til Sunnfjord Energi har fått tilbakebetalt til saman rundt 2,1 millionar kroner, fortel nettsjef Helge Robert Midtbø.