Hopp til innhold

Lynet har slått ned: Straumen vekke fleire stader

Fleire lynnedslag i Sunnfjord har ført til at straumen er og har vore vekke for abonnentar frå Kjøsnesfjorden til Sogndalsdalen.

Sognekraft opplyser at deira abbonentar får straum frå Sunnfjord Energi, og at det er i deira område problema har oppstått.

Sunnfjord Energi driv no feilretting, og på Sunnfjord-sida av Fjærlandstunnelen skal dei fleste no ha fått att straumen.

– Det har vore eit kraftig torevêr utanfor kysten av Florø i kveld, men det ser førebels ikkje ut som at dette har oppstått andre stader i fylket, opplyser vakthavande meteorolog Tone Christin Thaule.

I følgje Firdaposten var og Florø by utan straum i 45 minutt tidlegare i kveld, etter at straumen slo ned nær ein trafostasjon på Grov.

Vakthavande i SFE, Frode Reksten, seier at eit lynnedslag i nærleiken av stasjonen på Grov er årsaka.

– Stasjonen vart nok ikkje råka direkte, men lynet slo nok ned i området like ved. Det skapa overspenning på nettet, seier Reksten til avisa.

Alle abonnentane i Florø skal ha fått straumen attende til klokka var 21.00 i kveld.