– Dette er heilt genialt, seier hamnesjef i Stranda, Rita Berstad Maraak, til Sunnmørsposten.
Avisa skriv i dag at Maraak kunne godt tenkje seg å prøve ut ein såkalla «Seawalk» også på Stranda og i Geiranger.
- LES OGSÅ:
Skjolden vart prøvekanin
Elddåpen for den 230 meter lange flytebryggja fann stad i Skjolden førre veke då cruiseskipet Queen Elisabeth besøkte bygda. Tidlegare same veke var det skipet Ameda på 193 meter som fekk leggje til kai ved flytebryggja.
Konseptet med ei samanleggbar flytebryggje for cruiseskip vart først utvikla av Høyanger-selskapet Østerbø Maskin og har no sett dagens lys etter at selskapet Cruise Ventures på Veitastrond kjøpte opp og gjekk vidare med prosjektet.
Norske fjordar er populære mål for cruiseskip, men trafikken har no blitt så stor at det mange stadar ikkje er nok kaiplass til alle båtane som vil leggje til. Ei mobil flytebryggje har mange fordelar, seier styreleiar Ole Heggheim i Cruise Ventures til NRK.no.
– Dette er ein løysing som er veldig miljøvenleg, den er lite plasskrevjande, og fleksibel i forhold til anløpa. I tillegg er kostnaden ved ei slik kai vesentleg lågare enn ei fast kai, seier Heggheim.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Spennande løysing
Hamnesjefen på Stranda i Møre, ser også på dei miljøvenlege fordelane ved ei slik kai.
– Med tanke på miljøprosjektet vårt så er dette ei spennande løysing, seier ho til Sunnmørsposten.
Ho legg til at ho framleis vil ha svar på tekniske spørsmål og pris før noko vert avgjort.