Hopp til innhold

Planar om ny cruisekai

Den store cruisebåttrafikken i Flåm og Aurland pressar fram behovet for ny cruisekai.

Queen Mary II vitjar Flåm

SPRENGD: Kapasisteten ved cruisekaia i Flåm er maksimalt utnytta.

Foto: Jan Christian Jerving

Hurtigruteskipet «Fram» markerte denne veka starten på årets cruisesesong i Sogn. I sommar er det venta 132 cruiseskip. Då blir det vanskeleg for hamnesjefen å leggje kabalen med berre éi djupvasskai i Flåm.

MS Fram

OPNA ÅRETS SESONG: Hurtigruteskipet 'Fram' på veg inn Aurlandsfjorden.

Foto: Aurland og Lærdal Reiselivslag

Vurderer «seawalk»

Hamnevesenet har derfor starta prosessen med å få realisert ei ny cruisekai i området, skriv Sogn Avis.

"Seawalk"

MOGLEG LØYSING: Ein såkalla 'seawalk'.

Ei auktuell løsing skal vere ein såkalla «seawalk», ei foldekai som blir «bretta» ut og fungerer som ein gedigen landgang frå skipa. Denne kaitypen som førebels er på utviklingsstadiet, vil truleg ha ein prislapp på rundt 25 millionar kroner og er utvikla av Høyanger-selskapet Østerbø Maskin.

(Artikkelen held fram under biletet.)

– Vil gjere området attraktivt

Flåmsbana

HOVUDATTRAKSJONEN: Flåmsbana er mål nr. 1 for dei fleste cruiseturistane i Sogn. Men bana har ikkje kapasitet til stort meir.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Om denne denne løysinga er rett for Aurland er vi ikkje heilt trygge på, seier hamnesjef John Erik Johnsen til Sogn Avis.

Han trur ei andre cruisekai vil kunne gjere Flåm og Aurland meir attraktive blant cruiseoperatørane, men vil ha alle fakta på bordet før han går vidare med prosjektet. Hamnesjefen har heller ikkje tatt stilling til kvar ei ny kai bør byggast, men eit forprosjket skal utgreie planane.

Utkiksplattforma på Stegastein i Aurland

ATTRAKSJON: Det arkitektteikna utiktspunktet på Stegastein i Aurland vil kunne bli ein ny cruisedestinasjon, trur reiselivssjefen.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Reiselivssjefen føreslår Aurland

Aurland

DEN NYE CRUISEHAMNA? Aurlandsvangen bør vere eit aktuelt alternativ for ny kai, meiner reiselivssjefen.

Foto: Merete Høidal / NRK

Reiselivssjef Noralv Distad i Aurland ønskjer hamnesjefen planane velkomne. Men skal ein kunne ta imot fleire turistar, må ein også få på plass fleire attraksjonar i området, meiner han.

Distad viser til at kapasiteten på den store turistattraksjonen i området, Flåmsbana, er så godt som sprengd.

– Vi treng nye attraksjonar, seier Distad til Sogn Avis.

Noralv Distad

REISELIVSSJEF: Noralv Distad.

Foto: pressefoto, Høgre

Reiselivssjefen meiner Aurlandsvangen bør vere eit aktulet alternativ for ei andre cruisekai, og viser til at det då vil vere kort veg til det spektakulere utkikkspunktet på Stegatein over Aurlandsfjorden.

– Aurlandsvangen ligg berre åtte kilomterer frå Flåm. I tillegg ligg Vangen i eit attraksjonsrikt område med kort avstand til Stegastein og attraksjonane i nabokommunen Lærdal, seier Distad.