Hopp til innhold

Strålande sesongstart for skianlegga

Så å seie alle alpinanlegga i Sogn og Fjordane melder om ein heilt fantastisk start på skisesongen. For eit av anlegga har dei så langt seld for like mykje som i heile fjoråret.

Brigt Vik-Mo heisvakt Jølster skisenter

STRÅLANDE START: Heisvakt i Jølster skisenter, Brigt Vik-Mo, har fått nok å gjere på i romjula. Skisenteret er eitt av mange som har hatt ein fantastisk start på sesongen.

Foto: Bård Siem / NRK

– Den har vore over all forventning denne sesongen her med tanke på fjoråret. Då hadde vi ikkje noko særleg med snø, men i år har vi hatt fire gonger så mykje snø i år som vi hadde i heile fjor. Oppmøtet har vore kjempebra denne romjul, det fortel heisvakt Brigt Vik-Mo.

Jølster skisenter har opp mot 600 personar i bakken i romjula. Og dei er langt frå åleine om å ha opplevd ein fantastisk start på sesongen.

– Berre å smile, preppe og køyre heis

Like mange har vore i bakken i Sogn skisenter på Hafslo, der dei har investert sju millionar kroner i nytt skitrekk.

– Då er det lett, veit du. Då er det berre å smile, preppe og køyre heis. Då er det fint å vere dagleg leiar, seier Runar Tørve.

Eirik Sørdal Brendsdal frå Stryn

NYT SNØEN: Eirik Sørdal Brendsdal frå Stryn var ein av dei som har teke turen til i bakken til Jølster skisenter i romjula.

Foto: Bård Siem / NRK

På Sogndal skisenter i Hodlekve har dei allereie seld sesongkort for 1,2 millionar kroner. I 2013, som også var eit godt år, vart det «berre» seld sesongkort for 300.000 kroner. Det seier mykje om kor god sesongstart skisenteret har hatt.

– Vi har hatt noko som eg har kalla magisk jul. Det har vore ein sesongstart med godt førehandssal, men også snø som gjorde oss klare til opning allereie 13. desember. Vi har fått folk langvegs frå, både folk frå Oslo og folk frå Tyskland som plar feire jul i Austerrike. Det har vore ekstremt mange gode tilbakemeldingar. Vi er overlukkelege, seier dagleg leiar, Cecilie Grendahl.

Fullt hus på campingplassen

Dei gode skihøva gjer at folk kjem lange vegar for å utnytte det. På Kjørnes camping i Sogndal har Eli Helga Grimsen fullt hus. Der har dei hatt besøk frå Hemsedal, Oslo, Bergen og frå utlandet.

– Vi er veldig nøgde. Desember i år ser ut til å bli veldig bra, spesielt i helgane har vi mange telefonar og altfor få hytter. Dei ringer gjerne onsdag eller torsdag før helga eller når det er stort snøfall og då vil dei gjerne komme med ein gong, seier Grimsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kjørnes camping

FULLT: Kjørnes camping i Sogndal opplever stor pågang av skiglade gjestar.

Foto: Eli Helga Grimsen

Dobling i Hornindal

Også Hornindal skisenter har opplevd ein fantastisk start på sesongen. Der har dei seld heiskort, både sesong- og dagskort, for 462.000 kroner, noko som er ei dobling samanlikna med fjoråret.

– Det er veldig bra, og vi er veldig nøgde med starten i år, seier driftsleiar Amund Sverre Tomasgard.

Og denne gode trenden held fram. Harpefossen Skisenter i Eid har seld sesongkort og dagsbillettar for 1,1 millionar kroner. Men førehandssalet har på langt nær vore så bra som før. Tidlegare har dei seld for rundt ein halv million kroner på førehand, medan dei i år berre selde to sesongkort. Likevel er dette så langt den nest beste sesongen sidan 2008.

– Snømessig har det vore veldig gode forhold, spesielt for dei som er glade i pudder. Vi er veldig nøgde med sesongstarten, seier styreleiar ved Harpefossen Skisenter, Stein Bjørhovde.

Har seld meir enn heile fjoråret

For Sunnfjord Skisenter i Blomlia har den gode starten gjort at dei har kome like langt som heile fjorårssesongen, og dei har så langt seld for mellom 0,8 og 1 million kroner.

– Det har vore veldig bra, ein usannsynleg bra start. Det har vore fantastisk. Det er lenge sidan vi har hatt så gode forhold, seier driftsleiar Sture Angedal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jølster skisenter jula 2014

GODE HØVE: Svært mange har kosa seg i alpinbakkane i fylket i romjula. Her frå Jølster skisenter.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Hos Breimsbygda Skisenter på Utvikfjellet har dei ikkje konkrete tal, men det ser ut til at også dei har nytt godt av dei store snømengdene.

– Det har vore ein veldig god sesongstart, men tala er ikkje klare, seier driftsleiar Kåre Solheim.

Tekniske utfordringar i Stryn og i Høyanger

Sjølv om snøen la til rette for ein god sesongstart, er det også andre høve som spelar inn. Stryn Vinterski hadde trøbbel med heishavari helga før jul då dei eigentleg skulle opne, og dei opna difor ikkje før på julaftan. Likevel har dei i dagane etter seld for rundt 400.000 kroner.

– Det er kjempegodt sal. Vi er veldig nøgde. Vi har ein veldig fin bakke, men litt gamalt utstyr som kan vere trøblete av og til. Vi har hatt nokre sesongar med dårleg inntening, men ser veldig lyst på det no. For no går alt som det skal, seier dagleg leiar Kåre Tonning.

Motsetnaden av den gode trenden er Siplo Skisenter i Høyanger som endå ikkje har opna for sesongen. Årsaka er tekniske utfordringar.

– Vi satsar på opning førstkommande laurdag. Det er bra med snø og flotte forhold, seier Kai Helge Kjønås ved skisenteret.