Hopp til innhold

Støyva har vore ordførar i 12 år - no får Stryn ein ny etterfølgjar

Det er spenning kring ordførarvalet i Stryn. Nils P. Støyva (Ap) gjev seg etter 12 år med klubba.

Stryn
Foto: Arne Vik

Stryn er tradisjonelt ein Senterparti-kommune. Partiet har vore størst ved alle dei siste kommunevala.

Likevel har Nils P. Støyva (Ap) site med ordførarklubba i 12 år. No gjev han seg, og dermed er det opnare også for andre parti.

Per Kjøllesdal (Sp) sin tur?

Sp-veteranen Kjøllesdal er igjen listetopp for Senterpartiet og blir nemnt som ein favoritt. Eit stort spørsmål både for Sp og Ap er om sjukehussaka i Nordfjord også påverkar lokalvalet i Stryn. Meiningsmålingar viser store utslag i Eid.

Under normale tilhøve vil Ap og Sp kjempe om å vere størst i Stryn, og då vil Kjøllesdal sin argaste utfordrar vere Kolbjørn Roset (Ap)

H + Ap = fortsatt sant?

I dag har Ap ordførar og H varaordførar. Og Høgre som stiller med Sven Flo etter Anne Tonning, har klåre ambisjonar om å ta over klubba. Høgre har hatt ordførar i Stryn tidlegare. Mykje i stryn vil vere uavklart til ein ser styrkeforholdet mellom partia etter valet.

For dei andre partia stiller Anders Magne Vik (Frp), Jon Olav Kvamme (Krf) og Bernhard Hole (V)

SV stiller ikkje liste i Stryn i år.

Saker

Som så mange andre kommun ar slit Stryn med å få dei økonomiske endane til å møtast. Dei står framfor store investeringar og grublar på korleis dei skal finansiere preserande behov innan eldreomsorg, men også innan idrett og kultur.

Då dukkar storleiken på eigedomsskatten og kanskje også skulestruktur lett opp på dagsorden.

Samferdsle

Kvivsvegen endrar mykje for samferdsla i indre Nordfjord. Men sjølv om det no pågår ein debatt om kvar E39 skal gå mellom Skei og Kviven - og fjordkryssing lenger inne i fjorden er tema - er Fv 60 Olden-Innvik den store kampsaka for Stryn. Denne vegen står no for tur av dei store anlegga her i fylket, og der er politisk vilje til å realisere dette prosjektet.

Likevel er politikarane i Stryn under eit visst press frå andre deler av fylket til å ta ein omkamp om bruk av bompengar på Fv60. Det finst også politiske parti i Stryn som meiner dette.

Håpet for enkelte er då er at vegen blir fortare realisert. Andre ønskjer at fylket kan bruke litt mindre på Olden-Innvik slik at dei også har litt til å bruke på 45-minutters regionen mellom Florø og Måløy.

Slik saka står no, er det lite truleg at Stryn set bompengar på dagsorden igjen.

Stryn - kommuneval

 

Ap

SV

SP

KrF

V

H

FrP

1995

15,6

 

37,0

10,3

8,3

19,4

9,4

1999

16,5

 

33,7

12,9

6,8

16,1

14,1

2003

27,7

6,3

29,2

10,3

4,6

11,2

10,2

2007

28,8

3,5

29,2

 9,5

4,5

12,5

11,9