Hopp til innhold

Stort ras stenger E16

Fleire ras skapar utfordringar i Vestland. Aust-vest-sambandet via E16 er stengd mellom Voss og Flåm. Fire hus er evakuerte.

Stengd veg på E16

STENGT: E16 er stengt i Hylland i Nærøydalen.

Foto: Aurland brann og redning

Klokka 16:21 meldte politiet på X/Twitter at det hadde gått eit større jord- og steinras i Hylland i Nærøydalen på E16.

Både Stalheim-, Gudvanga, Flenja og Sivletunnelen er stengt etter eit steinras i Nærøydalen.

Rundt Gudvangen har det gått fleire ras, både på E16 og på fylkesveg 5623 mellom ferjekaien og Bakka.

Dette er eit av fleire ras som har gått i Vestland etter dårleg vêr.

  • Fylkesveg 5724 på Sunde til Briksdalen i Oldedalen i Stryn var lenge stengd på grunn av flaum. Vegen opna 21:00 mandag kveld.
  • På fylkesveg 79 i Granvin var det eit steinsprang som trefte ein bil.
  • På E39 vart Økslandstunnelen stengt mellom Vadheim og Førde, etter det dundra ned ein stor stein i vegbana i formiddag. Steinen var mellom 1 og 3 kubikkmeter.
  • Fylkesveg 5623 i Aurland er stengd mellom Gudvangen ferjekai og Bakka.

Sjå bileta av dei ulike jord- og steinrasa her:

Ras over E16 ved Hylland i Nærøydalen, Aurland kommune
Foto: Margunn Hylland

Får ikkje stemme

Derek Murphy var på jobb i Flåm og på veg heim til Voss da han møtte et jordras på E16 i Nærøydalen.

Raset er stort, og tar lang tid å få rydda vekk. Det er ingen omkøyringsmoglegheiter. Sidan Gudvangatunnelen også er stengt, sit Murphy fast i Gudvangen.

Derek Murphy

Derek Murphy sit fast i Gudvangen.

Foto: Privat

Han får skyss til med båt til Flåm der han skal overnatte.

– Slik det ser ut no, får eg ikkje stemt i dag. Utruleg trist, seier Murphy til NRK.

– Blir stengt i mange dagar

– Rasfaren er no så stor at E16 i Aurland blir stengd i mange dagar framover, seier brannsjef Reinhard Sørensen.

I alt fem ras har gått over E16 i Nærøydalen. Fire mindre og eitt stort.

– Like over Hylland bru har det gått eit ras som er tre til fire meter høgt.

Ras Nærøydalen
Foto: Derek Murphy / Privat

Så langt er det ikkje mistanke om at nokon skal vere tatt av rasa, og ingen er melde sakna.

– Vi har søkt gjennom området med drone, og det ser ikkje ut til at noko er tatt, seier Sørensen.

Det er totalt fire husstandar som er evakuert.

Tenesteleiar for politiet i Aurland, Marit Breistøl, seier dei ikkje har gitt pålegg om evakuering, men fleire har evakuert seg sjølv.

Måndag kveld opplyser Statens vegvesen at det er for mørkt for geolog å synfare rasstaden i kveld.

– Det betyr at vegen vil minst vere stengd fram til tysdag føremiddag, seier byggherrevakt Roger Johannessen.

– Truleg må vegen haldast stengd lengre, avhengig av om det er forsvarleg å starta oppryddinga og kor store skadar det er på vegen, legg han til.

Norled har sett opp ekstraferje mellom Vangsnes og Hella grunna rasa.

Klokka 22:30 har naudetatar avlsutta arbeidet på staden, og det skal gjerast ein ny vurdering tysdag klokka 11.

Ordførar: Det siste vi trong

– Dette var det siste vi trengde på ein valdag, at det skulle gå fleire ras slik at E16 vart stengd, seier ordførar Trygve Skjerdal (Sp).

For mange har det ført til ein ekstra hektisk for å rekke fram til vallokala. Så langt seier Skjerdal han berre kjenner til eit tilfelle der ein person ikkje kjem seg til røystelokalet.

Ordfører Aurland, Trygve Skjerdal (Sp).

Ordførar i Aurland, Trygve Skjedal.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Skred i hyttefelt på Voss

Ein annan plass det har gått ras er på Voss. Fleire av hyttene på Voss Resort er råka av raset.

Administrerande direktør i Voss Resort, Øyvind Wæhle, stadfestar at det ikkje har vore fare for liv og helse.

–Det var ei elv som blei for stor, og tok med seg massar ned til hyttefeltet, seier Wæhle.

Hyttene som er råka av raset har fått jord oppetter veggen, men er elles i god stand. Det er vegar og løypenett som det har gått hardt utover.

Steinane som trilla nedover langs hyttefeltet var på rundt 40–50 kilo, opplyser Wæhle.

Ras hytter Voss Resort

På Voss Resort har det gått eit ras gjennom fleire hytter.

Foto: Voss Resort

Innesperra turistar

I Stryn var fylkesvegen mellom Sunde og Briksdalen i Oldedalen stengd. Vegen opna 21:00 mandag kveld.

Briksdal/Oldedalen
Foto: Bjarte Haugen

Turistbussar og andre reisande som var inne ved Briksdalsbreen var innesperra ein lengre periode.

Det same er eit par turistar på Bakka i Aurland. Dei kjem seg ikkje heim, og kommunen har ordna proviant så dei klarer seg til i morgon, seier Bjarte Skjerdal.

E16 er ein viktig veg mellom aust og vest.