Hopp til innhold

Større problem enn venta

Politimeister Johan Brekke seier narkotika har høg prioritet hjå politiet. Men at denne saka var større enn dei venta.

Brekke jakta på narkotikalovbrytarar er viktig for politiet, men at samarbeid mellom politidistrikt er avgjerande for eit godt resultat.

Kosta mykje

- Vi såg ikkje omfanget av saka i det heile før vi starta opp. Den vart mykje større enn venta, seier Brekke.

Sjølv om saka har vore ressurskrevjande for politiet, meiner Brekke det har vore riktig å satse på denne opprullinga. For poliitmeisteren påpeiker at narkotika er eit kjempestort samfunnproblem som må takast på alvor.

- Saka har ført at politiet har større fokus på slike saker. Og det har vore ei stadfesting på at vi også har narkotika her, seier han.

Førebyggande

Han håpar at dei som trur dei kan bryte narkotikalova, skjønar at politiet har fokus på slike saker og vil slå hardt ned på det.