Hopp til innhold

Større kai, like mange båtar

Åpnar ny djupvasskai verd 60 millionar kroner, men cruiseanlegget på Skjolden får likevel ikkje fleire båtar til kai neste sommar.

Skjolden
Foto: Kjartan Kvien

Iren Vatne, som er hamnesjef på Skjolen, vedgår at dei godt kunne tenkt seg fleire anløp til det nye anlegget i opningssesongen.

- Men eg tykkjer ikkje dette er noko å grine for. Når eg er ute i verden og står på messe så snakkar eg med folk som har jobba lengre og har store flotte kaianlegg som ikkje har meir enn eit til tre anløp, så vi fortviler ikkje, seier ho.

Stressar ikkje

Første båt er venta til den nye kaien 20. mai. Sjølve kaianlegget har kosta omlag 60 millionar kroner, der investoren Oddvar Røysi åleine har gått inn med omlag 35 millionar. Resten blir delt av Luster kommune og fylket. Men trass i den store investeringa, har investoren ikkje hastverk med å få opp talet på anløp.

- V har absolutt ro og fred på oss når det gjeld det økonomiske til fordel for å gjere tinga riktig til det beste for kundane våre, seier Røyse.

Færre båtar

For medan Skjolden står på staden kvil i forhold til fjoråret, vil det kome færre båtar til både Flåm og Olden i 2010 enn det gjorde i år. Til saman går dei to stadene ned frå 198 til 173 skip.

- Det er jo ein god del krefter som jobbar imot når det gjelder cruise, men vi kan ikkje miste motet av den grunn. seier Vatne.

Fokus på kvalitet

Utbyggjarane på Skjolden har eit mål om 50 anløp for at anlegget skal vera økonomisk berekraftig.

- Det å komme opp på 50 anløp trur eg vi fort kan gjere, men no må vi ikkje hige etter å vere oppe på femti anløp fortare enn at vi har den ro og orden vi treng for å behandle kvaliteten, seier Røyse.