Hopp til innhold

Større fare for ras – no må du vere på vakt

Dei neste 24 timane er det meldt store nedbørsmengder, og dette kjem på toppen av eit allereie vått døgn. NVE ber difor folk vere på vakt mot ras, og ta grep for å hindre oppdemming.

Ras ved Setenes på fylkesveg 57 mellom Dale og Osen bru

MELDER OM RASFARE: I går rasa det på fylkesveg 57 mellom Dale og Osen bru. NVE melder om auka rasfare.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vi har justert varselet for rasfare. Det er gått opp frå ingen fare til middels fare. Det er venta ein god del nebør dei neste 24 timane, seier vakthavande meteorolog ved Noregs Vassdrags og energidirektorat, Thomas Skaugen.

Han ber no folk vere på vakt.

– Det er smart å reinske opp stikkrenner og anna no. Og når det gjeld ras så er det først og fremst bratte skråningar, bekkar og elveløp som er spesielt utsett, seier han.

Store nedbørsmengder fleire stader i fylket

Våtast det siste døgeret var Eimhjellen i Gloppen.

– Der kom det 65,9 millimeter frå søndag morgon til måndag morgon. Det er i utgangspunktet ikkje veldig mykje, men sett i lag med jamn nedbør i to-tre dagar, så blir belastinga på jorda noko høgare, seier Aslag Skålevik Valved ved Meteorologisk Institutt.

Ho legg til at det fleire stader rundt om i fylket kom over 50 millimeter nedbør i løpet av det siste døgnet. Tilsvarande nedbørsmengder peikar også fleire meteorologiske modellar på at det komande døgnet vil ha.

– Lokale variasjonar og toppane kan bli høgare stader i fylket. I Stryn hadde det til dømes kome over 22,2 mm sidan klokka 01 i natt, seier Valved.

Avviser flaumfare

Thomas Skaugen i NVE meiner det i utgangspunktet var så tørt i grunnen at det framleis er kapasitet til å ta i mot meir nedbør.

– Det er ikkje fare for flaum i denne omgang. Nedbøren kjem primært i dag og i morgon, tysdag, så skal det avta.