Hopp til innhold

Storfint besøk kom sjøvegen

Det er ikkje kva som helst slags båt som måndag segla inn til Kalvåg i Bremanger.

"Drizzler" er ein utleigebåt som for det meste har vore å sjå i hamnebassenget i Monaco.

Ein vekepris på 280 000 dollar (1,8 millionar kroner), vil nok skremme dei aller fleste frå å leige luksusyachten. Kanskje ikkje så rart at prisen er så pass høg - båten har eitt mannskap på 12 personar.

"Drizzler" la for ei veke sidan til kai ved Ålesund i påvente av "prominente gjester" gjekk ombord .

SJÅ BILETA AV "DRIZZLER"

- Aldri sett liknande

Det har ikkje lukkast NRK å finne ut kven desse prominente gjestene er, men reisefølgje skal vere åtte spanjolar. Båten har i alle høve teke turen sørover langs norskekysten og var i dag i Olden. På veg utover fjorden tok gjestene ombord middagspause ved Knutholmen. Det ligg mange flotte båtar til kai i Kalvåg, men desse vart lilleputtar i selskap med "Drizzle".

- Dei vart for småbåtar å rekne. Til og med Knutholmen vart liten. Eg har aldri sett liknande båt i Kalvåg. Det er ein skikkeleg fin båt, fortel Geir Totland som vart imponert over synet.

Seglar sørover

Båten er 55 meter lang og er spekka av luksus. Den er designa av Redman Whiteley Dixon vart bygt av nederlandske Feadship Royal De Vries i 2005. Same året vart den kåra til årets Super Yacht for båtar mellom 51 og 65 meter. Den er mellom anna utstyrt med elektroniske skyvedører.

"Drizzler" heitte tidlegare Twizzle, men endra namn samstundes som den fekk nye eigarar tidlegare i vår.

Etter besøket i Kalvåg, vil den kaste glans over kaien i Florø, før turen går vidare til Bergen i natt.