Hopp til innhold

Brukte trepunktsteknikk - kvalifiserte seg til NM i vassklie

Terje Skjerven klarte med 7,75 sekund å bli bestemann i kvalifiseringa til NM i vannsklie i Lustrabadet laurdag. Og det er ikkje tilfeldig.

Kvalifisering til NM vannsklie Lustrabadet.

FULL FART: Mange koste seg i sklia. Foto/redigering:Tage Moen.

– Eg er kanskje ein av dei som har sklidd minst, men eg har sett mykje på andre,

ler Skjerven, som søndag var tilbake i Lustrabadet, men då langt bassengkanten.

Han jobbar nemleg som badevert, men understrekar at han har lite trening bak seg i sjølve sklia.

– Nei, det har vorte dårleg med det. Men eg har sett mykje på kva dei andre gjer, seier Skjerven, og legg til at det visstnok er berre éin ting som gjeld når ein skal suse fort ned vass-sklia.

Tre-punkts-teknikk

– Teknikken er å vere nedi med tre punkt, éin hel og skulderblada. Så er det berre å gi på, seier Skjerven.

Dei tre beste i alle klassane er kvalifiserte til NM i vannsklie i Sørlandsbadet i Lyngdal 9. mars. Førstemann i kvar klasse får reise og opphald dekt av Lustrabadet.

Skjerven trur han tek turen, sjølv om å reise Gaupne-Lyngdal vinterstid, er som ei amerikareise å rekne.

– Det er liksom ikkje beint fram. Men eg trur eg reiser. Det blir sikkert moro, seier Skjerven.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kvalifiserte NM i vassklie

HERRANE: Desse tre kvalifiserte seg til NM i vassklie, f.v. Kent Monsen, Terje Skjerven og Thomas Sørheim.

Foto: Tage Moen

Hadde 12.600 innom på to månader

Dagleg leiar ved Lustrabadet Nina Gudevang fortel at dei tilsette ved badet har hatt det litt over snittet travelt siste tida.

– Det var eit godt arrangement, men eg trur vi kan gjere det endå betre neste år. Det kunne ha vore fleire påmelde. Det var vel 15 påmelde i herre- og ungdomsklassen, og litt færre i dameklassen, seier Gudevang.

Sidan badet opna siste helga i oktober 2012, og talet på besøkjande på dei to første månadene nådde svimlande 12.600 personar.

– Det er 40 prosent meir enn vi hadde kalkulert med, endå vi veit at badeanlegg alltid er godt besøkte akkurat idet dei er nyopna. Heilt utruleg, seier Gudevang.

(Artikkelen held fram under biletet)

Utekulpen i Lustrabadet

KALD OG VARMT: I utekulpen er det 39 grader, sjølv om gradestokken syner minus 15 og rimet ligg tjukt langs bassengkanten.

Foto: Lustrabadet

Ein pangstart

Ho understrekar at tala då ikkje inkluderer skulesymjing.

– Men det som er langt viktigare enn besøkstala er alle dei positive tilbakemeldingane. Folk smiler og gir tydelege tilbakemeldingar på at dette er noko dei set pris på, seier Gudevang.

Ekstra kjekt for Gudevang er det også å registrere at dei besøkjande kjem frå fleire av nabokommunane til Luster.

– Vi har badarar både frå Sogndal, Leikanger og Årdal, og sikkert mange andre stader som eg ikkje kjem på i farten. Men folk tek turen, sjølv om dei må køyre eit godt stykke. Det er kjekt, seier Gudevang.

Folk i kø for å få jobb

I tillegg til dagleg leiar har Lustrabadet 13 personar i deltidsstillingar, samt to tilkallingsvakter. Det har førebels gått greitt å få tak i nok folk.

– Vi har hatt god pågang av flinke søkjarar, så førebels har det gått bra. Det går nok ikkje lang tid før vi må utvide arbeidsstokken, seier Gudevang.

Ho kjem frå Østfold, men har funne seg godt til rette i indre Sogn.

– Nærleiken til flotte fjell var noko av det som drog meg hit. Eg kjem aldri til å flytte tilbake til Austlandet, understrekar Gudevang.