Hopp til innhold

Omstridd badeanlegg står no klart

Om ei knapp veke opnar det flunkande nye badeanlegget i Luster. Eit bygg til 100 millionar kroner skal ta imot badeglade sogningar.

Lustrabadet

FERDIG: No er Lustrabadet ferdig, og fredag blir det stor opning av badelandet.

Foto: Tage S. Moen

Fredag blir det fest i Gaupne når det flunkande nye badelandet opnar. Dagleg leiar Nina Gudevang ved Lustrabadet gler seg til opninga.

– Det blir kulturinnslag og talar, før folk kan ta det anlegget i bruk. Ordføraren skal skifte frå formelt antrekk til eit høveleg badeantrekk og deretter klippe snora. Vi skal mellom anna ha ein liten konkurranse med ordføraren i sklia, fortel ho.

Ho seier det har vore stor interesse og mange positive tilbakemeldingar.

– Dei som har fått prøvebade hos oss, tykkjer det er heilt fantastisk.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lustrabadet

BASSENGET: Slik ser det ut inne. Dagleg leiar håper mange vil ta turen til Lustrabadet.

Foto: Nina Gudevang

Mange var imot

Men badeanlegget har vore svært omstridd i kommunen i indre Sogn. Då planane om ei slikt anlegg blei kjende, var både politikarar og andre innbyggjarar mot å bruke så mykje pengar på eit badeanlegg. Det blei samla inn over 1000 underskrifter frå folk som var imot.

Hausten 2009 var saka opp til handsaming i kommunestyret. Der sa eit fleirtal ja til badeland, og no tre år seinare står det ferdig. Om lag 100 millionar kroner har Lustrabadet kosta.

Mange ulike tilbod

Badet ligg midt i Gaupne og har 25 meters basseng med seks baner. Det er også fleire stupetårn, klatrevegg, sklier og barnebasseng. Badet er flott usmykka med mellom anna foto som Thomas Morell har teke. Det blir også kunst av Marianne Heske.

Badet kan også lokke med helsebasseng og ei grotte der vatnet er heile 39 grader. For dei som likar det kaldt, er det ein kulp ute der vatnet berre er 6–10 grader.

Dagleg leiar Nina Gudevang ved Lustrabadet seier folk blir overraska når dei høyrer om alt som finst innvendig.

– Vi har fått plass til mykje i eit relativt lite bygg, seier ho.

(Artikkelen held fram under videoen)

Luster får nytt badeanlegg i haust, og det med ei spesiell utsmykking. Fotokunst gjenspeglar aktivitet i bassenget på veggane.

SJÅ VIDEO: Luster får nytt badeanlegg i haust, og det med ei spesiell utsmykking. Fotokunst gjenspeglar aktivitet i bassenget på veggane.

Satsar på å lokke turistar

Målet er å lokke folk også utanfor kommunen til å bade her. I dag er det mange frå indre Sogn som set kursen mot badet i Høyanger. No håper Gudevang at dei vil komme til Luster.

– Vi satsar også på turistane i området og dei som bur på andre sida av Sognefjellet.

Dei vil ha tilbod for alle aldersgrupper, som babysymjing og vanngym for eldre. Også dei som treng å bade i varmt vatn, skal ha eit tilbod her.

Trur folk har roa seg

I det siste har Gudevang jobba frå tidleg til seint for å få alt klart. Ho seier det er mykje som skal på plass.

– Det er eit komplekst anlegg med både badebutikk og kafe. Alle tilsette skal på kurs i tryggleik og eg set opp vaktplanar.

– Det var jo mykje styr då kommunestyret sa ja til dette anlegget. Korleis er stemninga i kommunen no?

– Eg trur at mange har roa seg. Folk tenkjer at no har det kome og då får vi gjere det beste ut av det. Eg trur dette kan bli eit tilbod mange kan bruke. Det er også mange som har sakna eit slikt tilbod i området.

– Gjer Luster meir attraktivt

Næringssjef Olav Grov er også glad for at anlegget no er ferdig og klart for bruk. Han trur det blir eit flott tilbod for alle som bur i kommunen og regionen.

– No gjer vi Luster endå meir attraktiv. Det er bra for næringslivet dersom vi dreg fleire gjester til kommunen, det er viktig for handelen.

– Men er det nok folk i området til at drifta skal gå rundt?

– Dersom vi klarer å lokke heile regionen inn i dette, så trur eg vi skal lukkast bra. Det er det som ligg i føringa for badet. Det er også eit mål at reiselivsbedriftene skal bruke badet i marknadsføringa si, for dermed å få fleire besøkjande til Luster, seier Grov.

Lustrabadet
Foto: Tage S. Moen