«Benjamin var alltid positiv og løysingsorientert»

– Det er ein tung dag, seier Odd Arne Olderbakk i NRK sin naturredaksjon i Bergen etter snøskredulukka i Aurland.

Benjamin Hjort

SAKN: Benjamin Hjort sette spor av seg i mange miljø. Søndag omkom han i ei snøskredulukke i Aurland. – Sekken hans inneheldt aldri meir enn det naudsynte av utstyr til seg sjølv, men han hadde alltid med seg noko som gjorde turen litt betre for dei han var saman med. Som fersk kaffi som han stod tidleg opp for å gjere klar til andre, seier Odd Arne Olderbakk i naturredaksjonen i NRK.

Foto: Odd Arne Olderbakk

Måndag morgon stadfesta politiet at det var Benjamin Hjort som omkom i snøskredulukka i Aurland.

37-åringen vert rekna som ein av landets mest erfarne og allsidige friluftsmenneske. Han medverka også i fleire NRK-produksjonar.

– Tettast samarbeid hadde vi på serien «Drømmeturen» der Benjamin var ein av dei to fotografane som filma serien. Benjamin blir sårt sakna, seier Odd Arne Olderbakk.

– Sette sterke spor

Hjort var saman med to kameratar då han vart teken av eit snøskred i Jonadalen i Gudvangen i Aurland. Kameratane lokaliserte han og grov han ut. 37-åringen var i live då han vart frakta til Haukeland universitetssjukehus, men døydde av skadane .

Snøskredulukke i Aurland

SNØSKRED: Snøskredet gjekk i Jonadalen, vest for Flenjaeggi i Aurland.

Foto: Arne Veum

Hjort budde og jobba på Voss Jordbruksskule. Her var han også aktiv i ekstremsportmiljøet. Hjort var fast bidragsytar for friluftsmagasinet Fri Flyt.

– Med sitt ekstremt sosiale, hyggelege og ikkje minst snille vesen var Benjamin ein fyr med vener i hopetal over heile verda, og få nordmenn har sett så sterke spor etter seg i utilgjengeleg terreng og hos menneske i grisgrendte strok i alle verdshjørne, skriv magasinet på sine nettsider.

Trygg å vere med

Olderbakk er takksam for å ha fått jobba med Hjort, og skildrar 37-åringen som alltid positiv og alltid løysingsorientert.

– Det var ein stor tryggleik å ha med seg Benjamin på opptaksturane. Han hadde lang erfaring med å vere ute, var alltid positiv og hadde ein enorm ståpåvilje. Når alle andre var slitne, hadde han energien til å gå litt lengre for å få dei opptaka han ynskte, seier han.