Hopp til innhold

Snøskredfaren er stor – trass i uvêrspause

I dag kan folk i vest få eit glimt av sol. Men ekspertane åtvarar framleis om at det er stor snøskredfare fleire stader i vinterferiefjellet.

DRAMATISK: Kjerrskreda gjorde ikkje skade denne gongen, men den vart eit dramatisk syn for folk i turistbygda.

Det er vinterferie fleire stader i landet. Mange har teke turen til fjells eller har planar om å nyte laussnøen i fjellet.

Men då må du tenkje deg nøye om, sjølv om vêret løyer litt og vestlendingane kanskje kan få eit gløtt av sol i dag.

Skredvarslingstenesta til NVE, varsom.no, melder framleis om stor snøskredfare i Jotunheimen, indre Fjordane, Voss og Hardanger i dag og torsdag.

Kanskje får folk sjå sola

Statsmeteorolog Marianne Skolem Andersen ber folk nyte dagen i dag, før uvêret kjem igjen torsdag kveld

– Det vert ein ganske bra dag med lite vind. Men første del av dagen vert det nokre byer. Utover ettermiddagen skal det verte ganske fint. Kanskje får vi sett sola, seier ho.

Men der stoppar det og, for alt seint onsdag kveld er det slutt på moroa.

– Seint i kveld får vi vindauke. Og natt til fredag kan vi få liten storm på kysten og i fjellet. Regn og regnbyer. Då må du ganske høg for å få snø, 700 til 900 meter, forklarar Andersen.

Filma skred ved E16

To av dei som fekk oppleve skredfaren i går, var mor og dotter, Siri Larsen Ramsøy og Stine Larsen Ramsøy, frå Gudvangen i Sogn. Då Stine vart merksam på buldringa oppe i fjellsida rakk ho å filme snøskredet som kom buldrande ned fjellsida ved E16 rett ovanfor sentrum i turistbygda.

– Det var udramatisk og gjorde ikkje skade, fortel Siri.

Ho fortel det var Kjerrskreda som gjekk i 12-tida. Dette er ei av tre faste skred som går.

– Det er fint å sjå på, men som ungar lærte vi at vi måtte passe på og kome oss i hus. Lufttrykket kan vere heftig, og det har tidlegare knust vindauge i dei næraste husa.

Tommy Skårholen i NVE:

ÅTVARAR: Vaktleiar hos varsom.no, Tommy Skårholen.

Foto: Privat

– Byggjer seg opp veldig raskt

Vaktleiar for varsom.no, Tommy Skårholen, fortalde i går at det blant anna i Odda har gått store, naturleg utløyse skred siste døgnet.

Måndag vart Bergensbanen stengd på grunn av snøras.

Slik store skred kan gjere skade på infrastruktur, gravleggje bilar og bygningar og legge skog flat.

Kombinasjonen mykje nedbør og kraftig vind gjer situasjonen ekstra skummel.

– Då bles snøen inn i terreng som er i le for vinden, slik at det byggjer seg opp mykje snø veldig raskt, forklarar Skårholen.

Snøskred på Geilo.

FAREFULLT: Dette biletet er teke på Geilo i dag, og syner eit dagsferskt snøskred.

Foto: Kjartan Eide Fredriksen

– Hald deg inne

Han er tydeleg i rådet sitt til dei som lurer på om dei skal ut på ski når det er stor skredfare.

– Unngå skredterreng til vêret har roa seg, og vent til snøen har fått stabilisert seg før du går inn i bratt terreng.

Onsdag er det meldt rolegare vêr og redusert skredfare. Men torsdag og fredag kjem det meir uvêr, som truleg vil gje ny skredfare i områda som får mest nedbør.

– Viss det er dårleg ver og du sit inne, kan du heller ta ein titt på skredskulen på nett og lese deg opp på snøskred, legg han til.

Evaluering etter skredøving på Røldal Skisenter

USTABIL SNØ: Skredfaren er no på nivå fire i Hardanger og Voss. Her redningsmannskap under skredøving på Røldal Skisenter for nokre år sidan.

Foto: Tale Hauso / NRK