Hopp til innhold

Stor skilnad på medisinar som skal vere like gode

Medisinar folk ser på som like, kan ha stor skilnad i korleis dei verkar. Det syner ny forsking på tre ulike psykosemedisinar. – Vi treng studiar som samanliknar ulike behandlingar, seier Legemiddelverket.

"Like" medisiner med ulik virkning.

LIKESTILTE MEN ULIKE: Forskarane kikka nærmere på amisulprid (Solian) (oppe), som er betydeleg meir effektivt mot psykosesymptom enn aripiprazol (Abilify).

Foto: Felleskatalogen

– Eg lid av paranoid schizofreni. Eg får vrangførestillingar og tvinnar fantasi inn i verkelege ting. Psykose er ikkje heilt framand for meg, seier Anne Blindheim.

Ho er ein av dei 144 pasientane som i eitt år har vore med i eit omfattande forskingsprosjekt for å finna ut kor godt tre ulike antipsykotiske medikament fungerer.

I 20 år har Blindheim vore av og på fleire typar medisinar. For ho er det viktig at dei verkar så godt som mogleg.

– Dei har vore viktige for å få til å landa. Det har definitivt vore ein viktig del av prosessen med å ikkje skli ut. Eg trur ikkje eg hadde kome meg så langt, hadde det ikkje vore for medisinar, seier ho.

Anne Blindheim

EITT ÅR: Forskarane har følgd Anne Blindheim og 143 andre i eitt år, for å sjå kor godt dei ulike medisinane verkar.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Likestilte medisinar har ulik verkegrad

Målet med forskingsprosjektet har vore å finne ut kva av medisinane som blir tilbode i dag, som verkar best.

– Det me har funne ut, er at når me samanliknar tre ulike legemiddel mot psykose, og følgjer folk som brukar dei i eitt år, så er det eitt av desse som er betydeleg meir effektivt mot psykosesymptom enn dei to andre, seier professor og klinikkoverlege Erik Johnsen.

Han har leia forskinga saman med fyrsteamanuensis og overlege Rune Kroken. Begge jobbar på sjukehuset i Sandviken, Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen.

Medisinane er likestilte av det norske helsevesenet, men ein av dei verkar altså betre enn dei to andre på å redusere psykosesymptom. Skilnaden var enno større for personar som aldri tidlegare hadde brukt slike medisinar.

I tillegg har dei funne att dei ulike medisinane har likare biverknadar enn ein har trudd tidlegare. Forskinga er gjort i samarbeid med sjukehus i Stavanger, Trondheim og Innsbruck i Austerrike.

Kan få betydeleg verknad

Medisinsk fagdirektør i Statens legemiddelverk, Steinar Madsen, rosar forskinga.

– Det er veldig bra. Vi treng studiar som samanliknar ulike behandlingar, slik at legane veit kva legemiddel dei bør byrja med når dei skal behandla ein pasient, seier Madsen.

Han fortel at legemiddelselskapa si eigen forsking, ikkje gir svar på alle spørsmål.

– Uavhengig forsking kan belysa problemstillingar som legemiddelindustrien kanskje ikkje er like interesserte i å forska på.

Burde det vore grundigare forsking før ein gir medisin til pasientar?

– Nei, det kan ein ikkje generelt seia. Viss ein skal ha all kunnskap om eit legemiddel vil testinga ta veldig lang tid og vera veldig kostbar. Til slutt får vi ikkje legemiddel.

Madsen legg til at uavhengig forsking kan få betydeleg verknad i utarbeidinga av faglege retningslinjer.

– Viss det blir avdekt uheldige forhold, kan dette takast opp for å sjå om det trengst forandring.

Steinar Madsen

FORNØGD: Medisinsk fagdirektør i Statens legemiddelverk, Steinar Madsen, rosar forskinga.

Foto: Legemiddelverket

Publisert internasjonalt

Funna deira er blitt publisert i novemberutgåva av The Lancet Psychiatry. Det er eit av verdas mest anerkjende tidsskrift innanfor psykiatri.

– Me er svært tilfredse med at Lancet Psychiatry finn forskingsfunna så interessante og av så høg kvalitet at dei vil publisera dei. Det er eit veldig trongt nålauge å passera, seier Johnsen.

Korleis er det mogeleg at medisinar som helsevesenet ser på som likestilte, er veldig forskjellige?

– Det har med måten desse medikamenta blir prøvd ut på og lansert i marknaden. Dei blir lansert frå legemiddelindustrien, og det tek tid før fagfeltet kan gjennomføra uavhengige studiar, seier han.

Eirik Johnsen og Runar Kroken

FORSKARAR: Rune Kroken (t.h.) og Eirik Johnsen har leia forskingsprosjektet.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Truleg lik situasjon med mange medisinar

For noko av det som gjer studien spesiell, er at den er gjennomført uavhengig av legemiddelindustrien. Det finst nokre få liknande studiar, men studien er sjeldan i europeisk samanheng.

I tillegg skal det vere første gang at nokon samanliknar desse tre antipsykotiske medisinane.

Ifylgje Johnsen er det truleg også slik at andre typar medisinar som helsevesenet ser på som jamgode, ikkje er det.

– Men det har blitt reist ein del kritiske spørsmål og påpeikt at det er ein uheldig kopling mellom kommersiell interesse i eit av dei medikamenta som er med i studiar som legemiddelfirma støttar, seier Johnsen.

– Det er mange kunnskapshol

Blindheim har i dag kome seg ut av sjukdomen, og inn i jobb. Ho trur forskinga gjort i Bergen kan bety mykje for dei som har ein liknande diagnose som ho.

– Det er mange kunnskapshol, og akkurat dette trur eg kan fylle i nokre av dei hola, seier ho.