Hopp til innhold

Stor risiko med barbiedop

Det skal gjere deg tynn, brun og kåt. Men Statens legemiddelverk åtvarar mot stoffet.

Melanotan

Melanotan
Foto: NRK

Ingen har kartlagt omfanget av stoffet, men Statens Legemiddelverk meiner fleire tusen nordmenn brukar det. Mange unge sprøyter stoffet melanotan inn i kroppen for å bli brun og tynn.

Barbiedop

Therese og Julia har sett venninner teste ut melanotan, eller barbiedop som det vert kalla. Dei trur mange let seg freiste av stoffet.

- Me kjenner jenter som har vorte lagt inn på sjukehus. Det slår ofte feil.

Lett å få tak i

Det er lett å bestille melanotan over internett. Eit kjapt søk får opp fleire titals seljarar, både norske privatpersonar og bedrifter registert i utlandet.

Pulveret blandast ut med vatn og sprøytast inn i kroppen. Men melanotan er ikkje eit godkjent legemiddel i Noreg, og det som dumpar ned i postkassa kan vere direkte farleg.

- Dette skal ein halde seg vekke frå. Stoffet har no vorte populært, det er mykje pengar å tene på det og da er kjem veldig mange useriøse aktørar på marknaden, seier overlege Steinar Madsen ved Statens legemiddelverk.

Steinar Madsen, hjertespesialist

Steinar Madsen i Statens legemiddelverk åtvarar mot Melanotan.

Foto: NRK

Alvorlege biverknader

Jan Schjøtt, seksjonsoverlege ved seksjon for farmakologi ved Haukeland sjukehus i Bergen, understrekar kor farleg det kan vere å kjøpe barbiedop på nettet.

- Me har sett tilfeller der ein har sprøyta dette stoffet inn i huda og fått alvorlege og til dels livstrugande infeksjon. Det er ein risikosport å bestille dette over nettet når ein ikkje kan kontrollere kvaliteten.