– Det er teke opp litt olje i lensene me la ut i går kveld og i natt. Noko av oljesølet finn me ikkje igjen no, seier Karl Johannes Romarheim, som er brannsjef i Nordhordland brann og redning.
Oljeflaket har ei utstrekning på opp mot 1.000 meter, men det kan sjå ut som det har delt seg opp i mindre flak som no sig nordover i fjorden.
– Me er ute med båt og følgjer med dei flaka, og no er det også ei drone oppe og prøver å få oversikt.
MINDRE FLAK: Brannsjef Karl Johannes Romarheim seier oljeflaket har delt seg opp, og at dei undersøkjer omfanget.
Foto: Cato Heldal Kristensen / NRKKystverket analyserer oljeflaket
– Eit oljeflak på den størrelsen kan vera eit problem for dyr og natur lokalt. Det er særleg fuglar som er utsette for å få oljesøl i fjørdrakta, seier vaktleiar Silje Berger i Miljøberedskap i Kystverket.
Det ligg også eit oppdrettsanlegg i nærleiken, med det er ingen indikasjonar på at det er direkte råka, ifølgje Berger. Så langt er det ingen meldingar om miljøskadar som følgje av oljelekkasjen.
OLJESØL: Ifølgje politiet skal flaket ligga i ro ved Tjuvholmen midt i Kvernafjorden.
Både Kystverket og Sjøfartsdirektoratet er varsla om sølet. Det er ingen som veit kor det stammar frå eller kva flaket inneheld.
– Det er skildra som ein litt mørkare oljetype, men me veit enno ikkje kva det er. Det er teke prøver, men det kan ta nokre dagar å få svar på desse, seier vaktleiar Silje Berger i Kystverket
Dei vurderer fortløpande om dei skal bistå med rådgiving og utstyr, men førebels er det ikkje behov for det.
– Dette blir godt handtert lokalt, seier ho.
LITLEBERGEN: Oljeflaket ligg i Håøysundet, utanfor Litlebergen i Alver.
Foto: Cato Heldal Kristensen / NRKTeoriar om kva som er i flaket
Brannvesenet seier dei ikkje har klart for seg akkurat kva oljeflaket inneheld.
– Det er vanskeleg å seia kva sølet er. Det er i alle fall litt diesel i det, men også eit tyngre stoff, som me er litt usikre på kva er, seier Tore Fanebust, som er vaktkommandør i brannvesenet.
Han seier vidare at dei har dei nokre teoriar om kor flaket stammar frå, og at politiet undersøkjer desse.
Brannsjef Karl Johannes Romarheim seier at det ikkje er aktuelt å legga ut fleire lenser no, med mindre det legg seg oljeflak i viker eller liknande.
Håøysundet like utanfor er stengt for all båttrafikk for å hindre at oljeflaket driv vidare. Det er usikkert når sundet vil opna igjen.
BEREDSKAP: Det er lagt ut fleire lenser for å hindra spreiing av oljeflaket. Kystverket vurderer fortløpande om dei skal bidra med utstyr.
Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK