Hopp til innhold

Stor glede for ny flyrute frå Florø

Førstkommande måndag går startskotet for den nye daglege flyruta Skien–Stavanger–Florø–Stavanger–Skien. – Ei viktig rute for petroleumsretta næring, konstaterer ordførar Bengt Solheim-Olsen (H).

Bengt Solheim Olsen om ny DAT-rute frå Florø.

NØGD: Ordførar i Florø, Bengt Solheim Olsen, er nøgd med å få flyrute til Stavanger.–Det neste positive må vere flyrute til Kristiansund, seier han.

Foto: Fotomontasje

Oljenæringa i Florø har lenge ynskt betre samband med oljehovudstaden Stavanger. Frå før har kystbyen samband med både Bergen og Oslo.

Ruta gjer det lettare å komme seg til Austlandet, men blir spesielt viktig for oljeverksemda i byen.

– Med denne flyruta blir det lettare å kunne samhandle desse byane imellom. I Stavanger er det store miljø som vil vere ein kjempefordel for Florø og resten av Sogn og Fjordane å knyte seg tettare opp mot, meiner Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen (H).

Oljesenter i fylket

Kystbyen har sidan 1980-talet vore "oljebyen" i Sogn og Fjordane, med fylkets einaste oljebase på Botnaneset. I 2010 opna Statoil eitt av dei største logistikksentra for røyr i Europa på Fjord Base. Aktiviteten til Statoil, som har sitt hovudsete i Stavanger, genererte det året kring 400 arbeidsplassar i Florø. Frå flyplassen går det også helikoptertrafikk til Nordsjøen.

Solheim-Olsen seier det er først og fremst oljenæringa i byen som vil tene på den nye flyruta.

– Det er spesielt i den petroleumsretta næringa vi håpar vi kan få sjå positive ringverknader, men eg trur det også kan bli lettare å få framtidige etableringar i vårt fylke, seier han.

Kristiansund neste

Solheim-Olsen håpar flyrute til ein annan oljeby, Kristiansund, kan bli den neste positive utviklinga for flytilbodet frå Florø.

Staten vil ikkje gje konsesjon på ei slik rute i denne omgang. Solheim Olsen trur ei slik rute eventuelt må bli ei kommersiell rute som den til Stavanger og vidare til Skien.

– Det er samtalar på gang, men det vil neppe skje noko i næraste framtid. I alle moglegheiter vi får, så spelar vi inn det ynskjet, seier han.