Hopp til innhold

Stor frustrasjon etter stengt veg

Dårleg skilting og mangel på informasjon førte til lange omvegar for bilistar på veg til og frå Bergen i går.

Bubil brann, Masfjordtunnelen

Ein brennande bubil stengde Masfjordtunnelen på E39 søndag ettermiddag

Foto: Irene Johnsen

Raset i Romarheimsdalen og brann i Masfjordtunnelen stengde hovudfartsåra mellom Førde og Bergen, og det vart lange køar og mykje venting for bilistane.

Saknar informasjon

Torbjørn Gjertsen køyrde frå Oppedal heilt til Masfjorden utan at det vart varsla at vegen der var stengt. Ein brann i ein bubil stengde Masfjordtunnelen søndag kveld.

Dermed måtte han snu og køyre tilbake mot Gulen.

- Eg synest det er rart at vi ikkje fekk noko informasjon, seier han.

- Dei kunne godt gjeve beskjed om at det var brann i tunnellen. Då kunne eg spart ein halv time i omveg fordi eg måtte køyre tilbake igjen, seier han.

Gunnar Kraakenes, sjefsingeniør i Statens Vegvesen seier omkøyring var skilta både på Kringla og i Instefjord.

Opnar tidlegast i ettermiddag

E39 gjennom Romarheimsdalen er framleis stengt etter raset som gjekk laurdag, og vert tidlegast opna i løpet av ettermiddagen.

Vegvesenet rår køyrande til Bergen til å køyre riksveg 57 og ta ferja mellom Leirvåg og Sløvåg.

Masfjordtunnelen er igjen opna, men er delevis mørkelagt etter brannen i bubilen.