Hopp til innhold

Stor mangel på bustader i Leikanger - ber kommunen rydde opp

Stor vekst i talet offentlege arbeidsplassar gjer at folk slit med å skaffe seg bustad i Leikanger kommune.

Leikanger

STOR VEKST: Leikanger har dei siste ti åra hatt ein vekst på over 200 offentlege arbeidsplassar.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Men ordførar Olav Lunden meiner det er greitt at folk buset seg i andre kommunar. No ber fleire offentlege etatar, med fylkesrådmann Tore Eriksen i spissen, kommunen om å rydde opp.

– Det er eit problem dersom vi ikkje klarer å halde på folk fordi dei etter ein leigeperiode, ikkje klarer å skaffe eigen stad å bu, seier Eriksen.

Ber kommunen rydde opp

Leikanger har dei siste ti åra hatt ein vekst på over 200 offentlege arbeidsplassar. No har Fylkeskommunen, Statens vegvesen, Fylkesmannen og Direktoratet for forvaltning og IKT samla seg om eit brev der dei ber Leikanger kommune om å rydde opp i bustadmangelen.

– Eg er kontakta av fleire yngre medarbeidarar som seier dei har problem å skaffe seg ein stad å bu. Det er ein vanskeleg bustadmarknad i kommunen no, seier han.

Eriksen meiner det òg er eit paradoks at innbyggartalet i Leikanger ikkje har auka nemneverdig trass i den store veksten i offentlege arbeidsplassar.

– Må tole at folk bur andre stader

Men ordførar Olav Lunden frå Ap, meiner kommunen ikkje har forsømt seg, han seier det er vanskeleg å treffe på kor mange bustadar som trengst.

– Det er alltid ei utfordring å sjå kor mange bustadar vi til ei kvar tid skal ha tilgjengeleg. Vi har nokre mindre bustadfelt, men det er private som har dei store felta.

Lunden er ikkje uroa over at folketalsveksten i Leikanger er liten, og meiner ein må tole at folk bur i andre kommunar.

– Eg er ikkje uroa for at ikkje Leikanger får dei busette, men eg ser dette som eit heilskapleg bu- og arbeidsområde.

Men Tore Eriksen meiner det er viktig at folk som vil bu i Leikanger har tilgang på bustad.

– Det er vel eit mål for dei fleste kommunar at dei ønskjer ei god folketalsutvikling.