Hopp til innhold

Stoggar sal av traktorvaffeljarn

På grunn av produksjonsfeil trekkjer Moods of Norway tilbake kring 7 000 traktorvaffeljarn.

Traktorvaffeljarn

STOGGAR: Moods of Norway kallar tilbake og stoggar salet av traktorvaffeljarna etter funn av produksjonsfeil.

Foto: Moods of Norway

Det er funne feil på enkelte vaffeljarn som har vore i sal frå 24. oktober i år. Salet er no stogga.

Enkelte vaffeljarn har kortslutta eller blitt for varme slik at dei har fått ein sprekk i lokket.

– For å vere på den sikre sida kallar vi attende alle traktorvaffeljarn vi har fått laga og seld, også dei frå 2010. Vi ber alle som har dette produktet om å slutte å bruke det og levere det attender der det vart kjøpt, seier dagleg leiar i Moods of Norway, Nils Are Karstad Lysø, i ei pressemelding.

Fann feil

Det er tilbakemelding frå kundane dei siste vekene som har ført til at salet vart stogga. Verksemda har siste vekene arbeidd med å kartleggje om problemet skuldast produksjonsfeil eller andre forhold.

Traktorvaffeljarna er testa og godkjende, men stikkprøver viser no at det er ein produksjonsfeil som har gjeve utslag på enkelte vaffeljarn. Verksemda kallar også attende dei vaffeljarn som er kjøpt før 24. oktober.

– Vi ynskjer at alle våre kundar skal kjenne seg trygge på våre produkt. For å vere på den sikre sida, har vi difor vald å kalle attende alle vaffeljarn, seier Lysø.