Hopp til innhold

Stogga etter 115 km/t i 80-sona

Ein bilist var berre ein hårsbreidd frå å miste førarkortet søndag ettermiddag.

Utrykningspolitiet gjennomførde ein fartskontroll i ei 80-sone Gudvangen i Aurland. Fasiten vart seks forenkla førelegg, der høgste fart var 115 km/t.

Førarkorter blir beslaglagt ved 116 km/t.