– Viss ein skal bytte byrådsleiar, så er det mest naturleg at ein gjer det når partiet er i opposisjon, seier Ragnhild Stolt-Nielsen.
Tysdag kveld kan hennar dagar som byrådsleiar i Bergen vera talde. Høgre si nominasjonsgruppe skal avgjere om det er ho eller Martin Smith-Sivertsen som skal styre byen.
Spesielt å ta offentleg strid
Stolt-Nielsen stiller spørsmål ved heile prosessen som kan felle ho.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Hadde det vore naturleg hadde det vore gjort før. Når partiet er i posisjon med kvar tredje veljar bak seg så er det ikkje sunt eller naturleg å gjere det, seier ho.
Det har aldri skjedd før at ein sittande byrådsleiar vert felt av sitt eige parti gjennom avstemming.
– Det som gjer dette spesielt er at striden vert tatt ut i det offentlege rommet, seier Anders Todal Jensen som er professor i statsvitskap ved NTNU.
Han meiner kampanjen mot den sitjande byrådsleiaren er oppsiktsvekkjande.
– Motsetningane har blitt så store at ein ikkje klarar å handtere det som ei intern sak, seier han.
– Urettferdig å felle
Professor i samanliknande politikk, Frank Aarebrot seier det er ein veldig urettferdig prosess som blir gjort mot Stolt-Nielsen.
– Det er urettferdig at ein feller sine eigne tillitsvalde, og spesielt i ein situasjonen der Stolt-Nielsen ikkje har fått moglegheita til å møte veljarane, fordi ho tok over for Monica Mæland midt i perioden, seier Aarebrot.
Utfordrar til byrådsposten, Martin Smith-Sivertsen ser ikkje nokon problematiske sider ved at han kan ta jobben frå den sittande byrådsleiaren.
– Partiet har ein prosess på val av byrådsleiar. Det har vi normalt kvart fjerde år i forbindelse med at ein lagar ei liste, og så har det vore varsla at ho trekk seg om ho ikkje får tillit i den voteringa, seier Smith-Sivertsen.
– Eg har forståing for at mange har lyst til å bli byrådsleiar, det er ein kjempespanande jobb, men hadde det vore naturleg så hadde det blitt gjort før, avsluttar Stolt-Nielsen.