Det er Vestlandsforsking, Fylkesmannen og Fylkeskommunen som står bak verneseminaret som føregår no.
Fleste for vern
Og deltakarlista på seminaret vekkjer harme, for mange meiner at dei burde ha fått lagt fram sine synspunkt. For det er eit fellestrekk blant dei inviterte - dei er alle kritiske til Kaldakari-prosjektet. Og det på eit seminar som skal diskutere om bruk og vern av naturen let seg sameine.
Saknar debatt
Einaste unntaket var Bjørn Skovly frå Veitastrond Bygdelag. Han hadde venta meir debatt på konferansen. Men det var langt mellom meiningsfellene hans, og då vert det lite debatt, meiner han. Det var stort sett folk med felles interesse for å bevare natur og miljø, seier Skovly.
Fleire reagerer
NRK Sogn og Fjordane har snakka med fleire som reagerer sterkt på samansetninga av dei inviterte, spesielt på eit slikt viktig møte der miljøvernminister Børge Brende var til stades. Og det folk reagerer på er at Vestlandsforsking, som i april la fram ein rapport som viser at reiselivet er negative til helikopterturisme, nesten berre inviterer dei som er einige med dette. Samstundes har Sogndal reiselivslag ringt til medlemmer som representerer mellom 70 og 80 verksemder i Sogn og spurd om dei er skeptiske til Kaldakari. Svaret var nei. Den interne undersøkinga vart utført på oppdrag frå initiativtakarane til Kaldakari-prosjektet.
Skovly meiner at seminaret mister mykje av nytteverdien, når næringslivet ikkje får kome fram med sine synspunkt.