Frå Birkebeinerrittet. Foto NRK
Joar Tistel var ein av dei få blant dei over 10.000 startande som brukte under tre timar på den 89 kilometer lange løypa mellom Rena og Lillehammer. Med tida 2 timar, 58 minutt og 22 sekund sykla Joar Tistel inn til ein sterk 13. plass i klasse 25 til 30 år, berre 10 og eit halvt minutt bak Lars Ragnar Manengen frå Øyer, som hadde best tid av dei 10.294 startande.
Måtte sleppe i utforbakkane
Med litt meir sykkelerfaring kunne skiskyttaren frå Vik ha korta ned avstanden fram til vinnaren med fleire minutt, for i den første krevjande utforkøyringa miste sogningen kontakten med tetgruppa.- Eg er ikkje så godt trena i å sykle i bratt og ulendt terreng, og difor måtte eg sleppe dei, seier Tistel.
Frå Birkebeinerrittet. Arkivfoto NRK
Persa med ein halv time
Også sambygdingane til Joar Tistel, Birgit Voll og Tor Hillmann, gjenomførte eit solid ritt mellom Rena og Lillehammer laurdag. Hillmann ennda på 47. plass i klasse 30 til 34 år, med tida 3.11.41, medan Birgit Voll sykla inn til tida 3.56.37, som heldt til 17. plass i klasse 30 til 34 år kvinner. - Det var ein framgang på ein halv time frå i fjor, og eg er nøgd med tida. Eg kunne ha gjort det litt betre i unnakøyringane, der er eg litt pinglete enno, seier Birgit Voll, som i år hadde ei god oppleving på sykkelturen over fjellet.
Gamalosten avgjerande?
Suksess for terrengsyklistane frå Vik i det 13. birkebeinerrittet altså, og bestemann Joar Tistel har ei enkel og munter forklaring på den gode innsatsen: - Sannsynlegvis er det gamalosten.