Vil ikkje ha Norge på nynorsk

Riksmålsforbundet møter sterk motstand mot forslag om at det må bli lov å skrive Norge også på nynorsk, ikkje berre Noreg.

Skilt med Noreg

MØTER MOTSTAND: Ikkje alle vil at Norge skal bli tillate på nynorsk. (Illustrasjonsfoto)

Foto: NRK

Språkrådet arbeider med ei ny nynorsk rettskriving, og riksmålsforkjemparane meiner namnet på landet vårt burde vore tema.

Er imot

Gunn Karin Gjul

OPPGITT: Gunn Karin Gjul likar ikkje innblandinga frå Riksmålsforbundet.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Leier i Familie- og kulturkomiteen på Stortinget, Gunn Karin Gjul frå Arbeidarpartiet, er oppgitt over innblandinga frå Riksmålsforbundet.

– Eg er imot alle forslag som vil svekkje nynorsk som skriftspråk.

Forslaget om at språkrådet burde ta opp navnespørsmålet, møter også motstand frå Noregs Målag.

– På tide å skifte

Noreg er det nynorske namnet på landet vårt, men likevel er det svært få som seier dette, og endå færre som synes det er naturleg å skrive Noreg. Difor meiner viseformann i riksmålsforbundet Sverre Martin Gunnerud at det er på tide å tillate skiftforma Norge også på nynorsk.

Riksmålsforbundet blandar seg altså inn inn i det pågåande arbeidet med å forenkla nynorsk rettskriving som språkrådet er i gang med.

Meiner det har symboleffekt

Og dersom saka kjem opp i Stortinget, trur ikkje Ap-politikar Gunn Karin Gjulforslaget at Norge på nynorsk vil vinne fram.

– Det har ein tydeleg symboleffekt, det at vi skriv namnet på landet på to måtar. Vi signaliserer at vi har to likestilte språkformer i landet vårt.