Stengjer skitrekk på grunn av kulda
Eikedalen skisenter må stengje fleire av skitrekka på grunn av kald vind. – På toppen er opplevd temperatur 25 minusgrader. Turen i stolheisen tek tolv minutt, og det er uforsvarleg å ha den i drift, seier dagleg leiar Fredrik Tønjum.