Hopp til innhold

Rv. 5 opna - E16 stengd

Trafikken stod bom fast i Sogndalsdalen onsdag ettermiddag. Onsdag kveld stod trafikken i fleire timar i Lærdalsdalen. Begge stader blir det meldt om svært glatt veg.

Trafikkaos i Sogndalsdalen og Lærdalsdalen

SOGNDAL OG LÆRDAL: Riksveg 5 i Sogndalsdalen (t.v.) vart stend for tunge køyretøy ein periode onsdag ettermiddag. Onsdag kveld stengde bilberging i Lærdalsdalen E16.

Foto: Jan Tore Solberg/Renate Ugulen

SISTE: * E16 er opna gjennom Lærdalsdalen

Politiet har fått fleire meldingar om at trafikken står på E16 i Lærdalsdalen. Mange større køyretøy har problem. Det var ingen melding om personskade.

– Det er snakk om køyretøy som hadde køyrt i grøfta og saksa tilhengarar i vegbana, skriv politiet i sin logg.

Bilberging og politi har vore på staden. Klokka 19.58 melder Statens vegvesen at E16 er opna for trafikk.

Open er også riksveg 5 i Sogndalsdalen. Som i Lærdal, fekk politiet og bilbergarar det travelt tidlegare onsdag.

Då Jan Tore Solberg måtte stoppe på riksveg 5 i Sogndalsdalen onsdag ettermiddag, sette han på handbrekket og gjekk ut av bilen. Men bilen segla frå han.

– Eg har ikkje opplevd noko så gale. Det var speilglatt, seier florøværingen til NRK.no.

Han er ein av bilistane som fekk kjenne riksveg 5 på sitt aller glattaste. Vegen var så glatt at politiet ei stund onsdag ettermiddag fekk Statens vegvesen til å stengje vegen for alle køyretøy over 3500 kg.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Trafikkaos i Sogndalsdalen

MED LÅSTE HJUL: Den svarte BMWen på biletet sklei frå eigaren - med bremsene på.

Foto: Jan Tore Solberg

Sleit med å halde seg på beina

Sjølv var Solberg på tur i retning mot Fjærland då trafikken hadde stoppa opp.

– Då eg kom oppover dalen var det stans i trafikken. Eit vogntog hadde sklidd over på andre sida av vegen og stoppa i rekkverket. Dermed måtte eg stoppe. Eg sette på handbrekket, og gjekk ut av bilen. I det eg snur meg ser eg bilen skli bakover, fortel Solberg.

BMWen hans stoppa mot brøytekanten og autovernet like bak den fastkøyrde traileren.

– Det var heilt uttruleg. Det var mange som sleit, og fleire sleit med å halde seg på beina. Til og med politiet. Eg har ikkje opplevd det så gale som det der. Det var speiglatt, seier Solberg.

Måtte ha hjelp

Han hadde piggfrie vinterdekk, men kom seg ikkje vidare for eiga maskin.

– Det kom ein strøbil som fekk strødd sand litt oppover. Sjølv fekk eg trekkhjelp av bilbergar, fortel bilføraren som når NRK.no snakka med han litt etter klokka 18 var komen til Fjærland for eiga maksin.

(Artikkelen held fram under biletet)

Glatt i Sogndalsdalen

STOPPA TRAFIKKEN: Etter å ha vore på staden beordra politiet riksveg 5 stengd for tunge køyretøy inntil vegen var strødd.

Foto: Jan Tore Solberg

Situasjonen har betra seg

Hos Vegtrafikksentralen i Lærdal får NRK.no opplyst at det har komme mange meldingar om glatt veg både i Sogndalsdalen og Lærdalsdalen.

– Elles er det per no ikkje så gale, sa Erikstad til NRK.no klokka 17.30.

Kort tid etter vart vegen gjennom Sogndalsdalen opna att for fri ferdsle. Men E16 i Lærdalsdalen er stengd grunna bilberging.

Etter ein svært hektisk dag for bilbergarane i fylket, med bilar på kryss og tvers, ser situasjonen altså ut til å ha roa seg. Også på fjellovergangane.

– E16 Filefjell er nett no stengd grunna bilberging. Her ventar ein på bergar frå Vang. På Hemsedalsfjellet er det greitt no, men vi reknar med at situasjonen forverrar seg utover kvelden når nedbøren kjem.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Rv 5 Sogndalsdalen

FOR GLATT: Riksveg 5 gjennom Sogndalsdalen ved Frudalstunnelen.

Foto: Stetens vegvesen, nettkamera

Kaotisk dag

Tidlegare onsdag ettermiddag fekk mange personbilar problem stigningane opp Kjørnessvingane mellom Sogndal og Kaupanger på Rv. 5. Også her skal situasjonen ha betra seg.

Det er også dirigering av trafikken på Rv 5 forbi campingplassen i Naustdal sentrum, der ein tankbil med kloakk kvelva onsdag morgon.