Hopp til innhold

Stengde og øydelagde vegar

Fleire vegar er stengde og øydelagde etter store nedbørsmengder i natt.

Bru knakk saman under vassmengdene

TØFT PRESS: Slik gjekk det med brua i Mørkridsdalen i Luster - den greidde ikkje å stå imot presset frå dei store vassmengdene.

Foto: Tage S. Moen

Det har kome store menger regn i natt. Folk melder om svært høge vasstandar, stengde og øydelagde vegar og straumlause heimar.

Tindevegen mellom Årdal og Turtagrø er stengd på grunn av ras.

Jord og steinraset gjekk ein gong mellom klokka 18 og 19 i går kveld seier styreleiar i Tindevegen, Frank Roger Eldegard.

Den private vegen er mykje brukt av pendlarar,og Eldegard håpar å kunne opne vegen igjen til klokka 12 i dag.

Også fylkesveg 333 i Luster er stengd mellom Bolstad og Mørkri. Her har brua ved Moen knekt saman under dei store vassmengdene.

Kjem seg ikkje på jobb

Eli Hansen Moen på Moen i Mørkridsdalen i Luster fortel til NRK at det har vore eit forrykande uvær i natt.

- Strumen gjekk klokka 01.30 i natt, så no er vi straumlause, seier Hansen Moen.

Energiverket er klar over problema, men Moen har fått beskjed om at dei ikkje kjem seg fram på grunn av at vegen er stengd.

Vaska bort gardsvegen

I morgontimane gjekk Hansen Moen ut for å sjå kva regnet hadde stelt i stand i løpet av natta.

- Då vi kom ut såg vi at gardsvegen vår er delvis vaska vekk. No når det lysnar ser vi óg at fylkesvegen har fått skader.

- Det ser og ut til at det er skader på brua vår.

Kai Jonny Bugjerde i Vegmeldingssentralen opplyser at det er i Luster nedbøren har gjort størst skade. Elles har vegane klart seg bra.