Steinras stenger veg

Mellom Feios og Vangsnes ferjekai på fv. 5602 er det gått eit steinras over vegbanen. Raset har hendt på vangsnes-sida av Feiostunnelen. Vegen er mellombels stengd.

Entreprenør vil setje opp sperremateriell, men det vil ikkje bli starta opprydding i dag.

– Vi vil ta ny vurdering i morgon tidleg, seier trafikkoperatør i Vegtrafikksentralen, Marianne Hove.

Steinras Vangsnes
Foto: Agna Lucke