Hopp til innhold

Veg opna etter steinras i Sogn

Eit felt er ope på fylkesveg 53. Vegen var mellombels stengd fordi fjellsida skulle reinskast etter at eit større steinras gjekk på den populære turistvegen.

Ras på fv 53 ved Ljotelitunnelen i Årdal

STEINRAS: Desse steinane sperra tidlegare i dag fylkesveg 53 ved Ljotelitunnelen. Vegen er no stengd fordi fjellsida skal reinskast.

Foto: Presis vegdrift

Raset gjekk vest for Ljotelitunnelen, og stengde fylkesveg 53 mellom Øvre Årdal og Tyin. Den eine køyrebana er rydda, og vegen var ein periode open att.

Rundt klokka 15.30 vart vegen stengd, fordi fjellsida skulle reinskast. Like før klokka 19.40 melder Vegtrafikksentralen at eit felt er ope.

Vegen er ein mykje brukt veg for turistar på sommaren som inngang til kjende fjellområde i Jotunheimen.

– På det høgste er raset 1.5 meter høgt. Det har gått over heile vegen, seier trafikkoperatør i Statens vegvesen, Tom Erik Englaugstad.

Entreprenør frå Statens vegvesen er på plass.

Byggeleiar i Statens vegvesen, Geir Ove Engebø, fortalde at omtrent ti kubikk stein fall ut i den eine vegbana:

– Det svarar til omtrent eit lastebillass.

Vidare opplyser Vegvesenet at ingen er treft av raset.

Bilistar måtte ein periode vente seg å køyre E16 om Lærdal, men Vegtrafikksentralen kan no opplyse om at vegen er open ved manuell dirigering.

Ein geolog er på veg til staden for å vurdere risiko ved ei større steinblokk som framleis ligg i fjellsida. Engebø i Statens vegvesen seier at dei likevel opnar vegen, då denne steinblokka uansett ikkje vil lande i vegbana dersom den losnar.