Hopp til innhold

Steinras smadra vegen

Rv 48 mellom Eikelandsosen og Holmefjord i Fusa er stengt etter at eit jord- og steinras har sperra vegen.

Ras sperrar Rv 48
Foto: Oddvar Helland

Det var i 11-tida sundag føremiddag stein, jord og skog dundra over vegen mellom Holmefjord og Eikelandsosen i Fusa i Hordaland.

Til alt hell er det ikkje noko som tyder på at folk vart tekne av raset.

- Me har ingen indikasjonar på at personar eller bilar vart tekne av raset, seier politiførstebetent Oddvar Nordfonn ved Hordaland politidistrikt.

Vil ta lang tid før vegen kan opnast

Oddvar Helland bur i området og var ved rasstaden ikkje lang tid etter at raset gjekk. Han kan trur det tek lang tid før vegen kan opnast att.

- Det var store steinblokker som hadde rasa over vegen. Nokre av dei ligg i vegen, medan andre har hamna i sjøen.

Han reknar med at det er omlag 10 til 15 meter av vegen som er råka av raset, og raset har teke med seg delar av vegen.

- Vegen er gammal, frå 20-talet trur eg, og eg trur nok det vil måtta gjerast mykje før vegen kan opnast igjen, seier Helland.

Blåskjel-anlegg

Helland driv sjølv med oppdrett av blåskjel like nedanfor rasstaden, han fryktar at tre og lausmassar, som har hamna i fjorden, kan skapa problem for anlegget, både med tanke på utstyr og blåskjel-produksjonen.

- Det er nok stor fare for at ein del av blåskjela går tapt, det er ganske mykje skog som vart teke med då raset gjekk og ligg og flyt ute i fjorden, seier Helland. 

Ras smadra Rv 48

Blåskjel-anlegget til Helland ligg like nedanfor bana til raset.

Foto: Oddvar Helland

Geolog på staden

Ved 13.30 tida sundag ettermiddag kom ein geolog til staden for å sjekka i kva grad det er fare for nye ras. Men han vart ikkje ferdig med arbeidet sundag, og det vil verta gjort nye undersøkingar måndag morgon.

Politiet seier det enno er for tidleg å slå fast kor lang tid det tek før vegen kan opnast att.

Omkøyring

Politiet opplyser om at omkøyring vil verta skilta så snart som mogeleg.

Dei mest aktuelle omkøyringsvegane er Rv 552 via ferjesambandet Venganeset- Hattvik om Os til Bergen.

Eller Rv 49 om Kvamskogen og Rv 7 til Bergen.

Størst problem skapar raset likevel for dei som bur på Holmefjord-sida av raset. Dei må køyra ein kengre omveg for å komma seg til barnehage, skule og jobb i Eikelandsosen.

Det er enno ingen som kan seia om det vert sett inn båt for å frakte folk frå nordsida av rasstaden til Eikelandsosen.