Hopp til innhold

Steinblokk losna 400 meter over vegen

Det er ingenting som tyder på at det skal gå fleire steinras på riksveg 5 ved Erdalen mellom Førde og Naustdal no.

bil køyrde i steinras på riksveg 5 ved erdalen

MATERIELLE SKADAR: Til alt hell var det berre snakk om materielle skadar etter at ein bil køyrde inn i steinane på riksveg 5 mellom Førde og Naustdal.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det seier byggjeleiar Steinar Håvik i Statens vegvesen til NRK.no måndag ettermiddag.

Like før klokka 08 i dag tidleg kom meldingane om at tre-fire steinar med ein storleik på mellom ein halv og ein heil meter i diameter hadde ramla ned på riksvegen. Ein personbil hadde køyrt inn i steinane, men til alt hell slapp føraren frå det uskadd.

– Delte seg på veg nedover

Vegen var stengd i vel ein time, før det vart opna for manuell dirigering.

I føremiddag har ein geolog vore på staden for å sjå over sleppområdet.

– Det som har skjedd er at ei steinblokk har losna vel 400 meter oppe, så har den delt seg på veg nedover. Den har treft ura, og så har noko av rasmassane kome ned på vegen, seier Steinar Håvik i Vegvesenet.

Tilbakemeldingane han har fått frå geologen er at sleppområdet verkar veldig reint.

– Vi har friskmeldt staden i dag, seier han.

– Det sjeldan det kjem ned i vegen

Steinane kom ned på vegen om lag der ein køyrer av for å kome til bossplassen i Hesjedalen. Området er kjend for å vere rasfarleg, og det er ikkje første gong det har kome steinar ned i vegen her.

– Bør folk som køyrer her vere ekstra obs, eller er det trygt?

– Dette området er ei ur der vi er kjent med at det ramlar ned stein titt og ofte. Men dei fleste gongane kjem det berre ned i ura. Det er sjeldan det kjem ned i vegen, men denne gongen kom det så høgt ovanfrå at det har gjort det, dessverre, seier byggjeleiar Steinar Håvik.