Hopp til innhold

Steinar store som hus

- Glad ikkje liv gjekk tapt, seier grunneigar.

Steinras i Lærdal
Foto: Rein Arne Golf

Grunneigar Ola Geir Hunderi er glad ingen vart skadd i raset på Hunderi i natt.

Vakna av at bakken rista

Kjempesteinar

- Det er til alt hell ingen som vart skadd i raset. Korkje menneske, dyr eller hus. Det er jo det positive opp i dette, seier Hunderi.

- Den eine steinen er fleire hundre kubikkmeter, og den har greve ei grøft i morellhagen på eit par hundre meter, seier grunneigaren.

Han har vore på synfaring i rasområdet, og seier det er snakk om store dimensjonar.

- Raset dekkjer store område i morellhagen, og det vert litt av ein ryddejobb, seier han.

Raset gjekk i halv eitt - tida i natt, og fleire naboar vakna av bråket. Nokre valde å køyre vekk frå staden for å kome i sikkerheit.