Hopp til innhold

Steinar (24) køyrde frå snøskredet

- Du kjenner det etterpå, seier Steinar Nes (24) om snøskredet som var nær på å ta han under frikøyring i Sogndalsdalen.

Video nsps_upload_2009_3_27_15_4_54_1845.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Det var i samband med fotografering til NRK sitt program frå fjellsportfestivalen at skredet losna. Programmet skal på lufta måndag 6. april klokka 20.45.

Trudde det var laussnø

Eit titals skikøyrarar av høg klasse var plassert på ulike fjelltoppar. Steinar Nes la ut frå Frudalshesten då han plutseleg såg rørsle i fjellsida.

- Først tenkte eg at det var laussnø som kom. Det er ufarleg. Men snøen var tyngre og tok tak i skia mine. Eg tenkte berre på å køyre ut av det. Plutseleg ser eg heile sida byrja å knekke opp, fortel den erfarne frikøyraren frå Sogndal.

- Var midt i det

Nes sin kamp mot snømassane vart fanga av kameralinsa til NRK-fotograf Torje Bjellaas. Filmen kunne sjåast på laurdagsrevyen.

- Eg har ikkje opplevd noko liknande i denne kategorien. Eg var midt inne i det, og ville ikkje falle. Så det var berre å stå på. Fjellsida er ikkje så veldig stor, så skredet ville ikkje bli ufatteleg stort. Samstundes var det heller ikkje hammar å bli kasta utfor, seier Nes.

- Du tenker deg om

Nes har halde på med frikøyring i mange år, men gjorde seg sine erfaringar etter skredet torsdag.

- Du tenker deg om to gonger før du set utføre slike fjellsider igjen. Du prøver å sjå kva vurderingar du har gjort og kva du har gjort feil, seier han og vedgår at han den aktuelle dagen burde gjort andre vurderingar enn han gjorde.

Vurderte feil

Sola hadde stått på fjellsida i timesvis. I tillegg var det kome nysnø som ikkje hadde sett seg.

- Eg vurderte sida som trygg, men burde tenkt på at sola hadde påverka sida. Eg har ikkje tenkt å køyre att i så bratt terreng når sola har fått påverka så mykje. Det er slikt ein må lære av, seier han.

Skadde kneet

Nes vart skadd denne torsdagen, men ironisk nok var det ikkje skredet som skadde han. For skredet kom han heilskinna ifrå. Men kort tid etter opplevinga med snøskredet, var han på nytt i fullt driv ned fjellsider i Sogndalsdalen. Det enda til slutt med fall.

- Eg skada kneet mitt. Det var definitivt ikkje min dag, seier han.