Hopp til innhold

Meiner Flora Høgre har hatt ein langsiktig strategi for å bli kvitt motstand

Maktkampen i Høgre vil ingen ende ta. I eit lesarinnlegg i avisa Firda kjem tidlegare høgremedlem Hilmar Eliasson frå Florø med krass kritikk til Bjørn Hollevik.

Hollevik og Eliassen

STEILE FRONTAR: Bjørn Hollevik (t.v.) og Hilmar Eliasson er sterkt usamde.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Hollevik er lansert som motkandidat til fylkesleiar Arve Mjøen.

Men Eliasson meiner Hollevik er i ferd med å rydde seg veg fram til å bli fylkesleiar i partiet.

– Eg er overbevist om at dette er ein strategi som er vorte tenkt ut over lang tid, seier Hilmar Eliasson.

Han meiner det heile har pågått ei stund.

– Den strategien starta tidleg med først å få vekk den personen som verkeleg fronta Høgre og Høgre-politikk, Jacob Nødseth. Det var om å gjere å få han vekk for å få fram Hollevik eller Grønnevik, seier Eliasson.

Meiner Hollevik har brukt Mjømen

Medan Hilmar Eliasson var medlem i Flora Høgre var han ein støttespelar for Jakob Nødset.

Det er han framleis, men no er begge uavhengige medlemmar i Flora bystyre.

I eit innlegget avisa Firda kjem Eliasson med karakteristikk av korleis Hollevik har bana seg veg mot toppen i fylkespartiet.

Han meiner Hollevik har brukt blant andre sittande fylkesleiar Arve Mjømen for å bli kvitt Nødset.

Som takk for den jobben, vil Hollevik no ta over fylkesleiarvervet etter nettopp Mjømen, som eigentleg er vald for to år.

Har berre venta på at det ville skje

– Bakgrunnen for at eg skreiv det innlegget er at eg i lengre tid har site og venta på at Flora Høgre ville lansere ein kandidat frå lokallaget, anten Grønnevik eller Hollevik, for å få vekk Mjømen sidan han er frå ein utkant i fylket. For så seinare å utfordre stortingsmann Bjørn Lødemel, seier Eliassen.

– Meiner du at Mjømen har vorte brukt som ei brikke?

– Ja, eg er overtydd om at han er brukt i dette spelet av Flora Høgre. Han har stilt lojalt opp for partiet for å få Nødseth vekk, og no vil Hollevik fram i lyset, og då vil han ha vekk Mjømen, for han har politiske ambisjonar. Det har han jo sagt sjølv også, seier Eliasson.

Bjørn Hollevik er ikkje imponert over det som vert lansert frå Eliassen si side.

– At ein folkevald kan sette namnet sitt under eit slikt lesarinnlegg, det seier i grunn sitt, seier Hollevik, som er lansert som motkandidat til fylkesleiar Arve Mjømen.

Vitnar om eit rop om merksemd

– Som politikar er eg van med å vere med i heftige politiske debattar. Men når politiske motstandarar går fri for politiske argument og går til personangrep, slik som her, så vitnar det om eit desperat rop om merksemd frå ein politikar som rett og slett manglar politisk fotfeste, seier Hollevik.

Hollevik meiner det er heilt naturleg at det er kamp om leiarverva i eit parti.

– Viss det er slik at det ikkje skal vere konkurranse om politiske verv, å kalle det å stikke nokon i ryggen, då ville det vere som å trykkje på repeter-knappen kvar gong det er val, seier Hollevik.

Han peikar på at det ikkje er noko spesielt i at fleire konkurrerer om leiarvervet i eit parti.

– Slik er det i alle parti, seier Hollevik.

Trur Lødemel er neste

Eliasson på si side meiner Hollevik sine politiske ambisjonar er så store at han på sikt vil utfordre stortingsrepresentant Bjørn Lødemel.

– Eg er ikkje i tvil om at Flora Høgre vil utfordre Lødemel ved neste korsveg for å få ein person som kjem frå dei meir tettbefolka områda i Sogn og Fjordane. På den andre sida er det litt naturstridig at to bjørnar skal liggje i same hi. Det kjem det ikkje noko godt ut av. Då vert det full kamp etter ei tid, seier Eliasson.

Fylkesleiar Arve Mjømen ønskjer ikkje å kommentere saka.