Stavkyrkjene får ikkje vedlikehald

Mangel på fagfolk fører til at stavkyrkjer ikkje får nødvendig vedlikehald.

Hopperstad stavkyrkje i Vik kommune
Foto: Ottar Starheim / NRK

- Sjølv om det er løyvd pengar til arbeidet må det utsettast i lang tid, fortel Heidi Katrine Osland i fortidminneforeninga.

- Nesten alle stavkyrkjene har skader som vi må gjere noko med, seier ho.

- Dette betyr at vi må strekke vølingsperioden lenger, slik vi ikkje får like kjapp framdrift som vi kunne tenkt oss.

- Ikkje attraktivt nok

Fleire av stavkyrkjene i Sogn og Fjordane treng vedlikehald. Veggar må reparerast og fleire hundre år gamle kunstverk pussast opp. Gjennom eit eige stavkyrkje prosjekt og ekstramidlar er pengane til dette på plass. Men handverkarane med spesialkompetansen som må til er det stor mangel på. 

- For ein del er det nok kanskje meir attraktivt å jobbe med nye bygg, der det kanskje finst meir pengar.

- Manglar kunnskap

Osland seier flaskehalsen er utdanning. Problemet er at det ikkje er så attraktivt å jobba med restaurering. For få handverkarar tek den nødvendige etterutdanninga som gjer at dei kan arbeida med stavkyrkjer. Men no gjev Riksantikvaren dette høg prioritet

- Det er heilt avgjerande for resultatet på vedlikehaldsarbeidet at handverkarane har rette kunnskapen. Difor er det viktigare at vi får dei rette fagfolka, framfor at vi pressar prosjektet gjennom på kortare tid, forklarar ho.