Stavenes får millionar i støtte

D/S Stavenes er tildelt 3,7 millionar kroner frå Riksantikvaren. Bakgrunnen for tildelinga er mellom anna at skipet, frå 1904, har ein alderdomleg konstruksjon og utføring. Skipet er også av ein type som var særs vanleg før, men som det no er få av. Prosjektet med å restaurere skipet har pågått sidan 1991, og Riksantikvaren understrekar også viktigheita av å få skipet i drift igjen.

DS Stavenes ved Noryards etter sjøsetting.
Foto: DS Stavenes