Hopp til innhold

Statsrådstøtte til Nordfjord-legar

Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen meier dei tilsette ved Nordfjord sjukehus må kunne kritisere avgjerder i helseføretaket.

Anne-Grethe Strøm-Erichsen
Foto: Mathias Lunde Kristoffersen / NRK

Statsråden meiner at det særleg i omstillingssaker må vere takhøgde for at dei tilsette får seie si meining om det som er vedteke.

LES OGSÅ: No får Helse Førde refs for trugsmål om å sparke frittalande legar

LES OGSÅ: Har kritisert helseføretak i media - no blir legen truga med sparken

Dette går fram av svaret helsministeren gjev Åge Starheim etter at han har stilt spørsmål om Helse Førde si framferd overfor tilsette. Starheim er godt nøgd med svaret.

(Artikkelen held fram under biletet).

Åge Starheim

NØGD MED SVARET: Stortingsrepresentant Åge Starheim.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Håpar Helse Førde tek det alvorleg

– Dette slår fast at tilsette skal ha fullt høve til å kome med kritske meiningar om det som skjer dersom dei meiner dette er i strid med deira lojalitet til pasientane og ikkje minst når dei kjem med kritikk av det som skal vere styring av sjukehusa. Eg håpar at styret i helse Førde tek dette alvorleg.

Utgangspunktet for spørsmålet frå Starheim er ein resolusjon på fylkessårsmøtet i Frp, der årsmøtet påla han å stille spørsmål til ministeren.

I resolusjonen står det at overlege NN ved medisinsk avdeling på Nordfjordeid har sendt bekymringsmelding til leiinga i Helse Førde om at omstillingane kan gå ut over pasienttryggleiken. Når han ikkje får gjennomslag i leiinga i Helse Førde, tar han saka opp i media i lojalitet overfor pasientane.

– Hersketeknikk og personhets

Frp-årsmøtet krev at helseministeren grip inn overfor Helse Førde slik at ein kan seie frå utan å bli truga med oppseiing. Frp nyttar ord som hersketeknikk, personhets og mangel på demokrati i Helse Førde.

Starheim meiner det som er sagt i media av sjukehustilsette i Nordfjord er trygt innanfor det som statsråden meiner ein må godta.

– Eg er av den oppfatning at statsråden slår fast at slike ytringar må dei ha høve til å kome med.

For helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen skriv elles at Helse Vest, som ho føreheld seg til, har forsikra at det vil bli lagt vekt på dialog i omstillingsprosessane, og at prosessane vil bli følgt nøye opp.

Vidare påpeikar ho at i føretaksmøtet mellom departementet og Helse Vest i januar vart det presisert at det skal mykje til før kritiske ytringar frå tilsette kjem i konflikt med lojaliteten til arbeidsgjevar.