– Selskapet viser til at dei brukte 3,3 millionar kroner på dette tilbodet i 2013. No må vi altså kjøpe kaffien vår sjølve. Det er så utruleg småleg, seier leiar Per Steinar Stamnes i fagforeininga Industri Energi Statoil Sokkel til Stavanger Aftenblad.
Statoil varsla tidlegare denne månaden at selskapet vil redusere investeringane sine og spare 8 milliardar kroner årleg framover.
Informasjonssjef Ørjan Heradstveit i Statoil seier at selskapet kjem til å avgjere lagnaden til kaffitilbodet innan kort tid.
– Her er det snakk om ei vurdering av gratiskaffien på helikopterterminalane. Det skal framleis vere gratis kaffi å få på kontora og andre stader på land og offshore, seier Heradstveit.
Han har ikkje tal på kva selskapet ventar å spare på eit eventuelt kaffikutt. Stamnes er einig i argumentasjonen til leiinga om at godt betalte oljearbeidarar har råd til å betale kaffien sin sjølve, men trur eit kaffikutt kan gå hardt utover motivasjonen.