Hopp til innhold

No ligg vegen mot Ullevaal open for Sogndal

Med solid siger over Tornado / Måløy i kveld, ligg vegen open for Sogndal si ferd mot Ullevaal. I alle fall om ein skal tru statistikken.

Sjå video: Intervju med Sogndal trenar Jonas Olsson, Tornado Måløy trenar Jon Georg Rutledal og 2 målsscorar Espen Næss Lund.

Sjå video: Intervju med Sogndal trenar Jonas Olsson, Tornado Måløy trenar Jon Georg Rutledal og 2 målsscorar Espen Næss Lund. (Foto/redigering: Ole Andre Rekkedal)

Tidlegare har både Aalesund (2011) og Hødd (2012) slått TMFK i dei innleiande rundane i norgesmeisterskapen i fotball. I kveld var det Sogndal sin tur til å prøve seg mot 3. divisjonslaget frå Nordfjord.

– Lett var det ikkje, vi gjorde to mål i starten av kampen som var viktige for oss. Det var litt ekkelt i byrjinga med vinden, særleg når dei hadde medvind og skapte nokre sjansar. Men det er klart, seinare i kampen styrer vi det meste, fortel Sogndal-trenar Jonas Olsson etter kampen.

Sjå oppsumering av 1.omgang mellom Tornado Måløy og Sogndal i første runde i Cupen.

Sjå video: Oppsumering av 1.omgang mellom Tornado Måløy og Sogndal. (Foto/redigering: Ole Andre Rekkedal)

Espen Næss Lund, Ulrik Flo og Azar Karadas sørga for 0-4 i målprotokollen for eliteserielaget frå Sogn. Målskårar Flo var særs nøgd etter cuprunden.

– Vårt mål var berre å drepe kampen og ikkje gje dei noko håp. Vi skulle ta kommando frå start og få eit par kjappe mål, og det gjorde vi. Derifrå synes eg vi kontrollerar det greitt inn.

Sjå video: Oppsumering av 2.omgang mellom Tornado Måløy og Sogndal.

Sjå video: Oppsumering av 2.omgang mellom Tornado Måløy og Sogndal. (Foto/redigering: Ole Andre Rekkedal)

– Statistikken syner at dei som vinn mot Tornado endar opp med siger på Ullevaal. Kva tenker du om det?

– Det er fullt mogleg det! meiner Flo.

Sogndal sin svenske trenar, Jonas Olsson, kjenner til den gode statistikken, men er litt mindre bombastisk i si tru på cupfinale til hausten.

– Vi får håpe at han har rett. Det er vår ambisjon om å kome dit. Det er ein vanskeleg veg dit, men vi har lagt bak oss eit vanskeleg hinder her, sler Olsson fast.